lørdag 30. juni 2012

Drøymer om...


Ha veeeeldig lyst på eit skikkelig kamera! 
Eg har eit canon speilreflekskamera som eg er veldig glad i, men av gamle typen med film... 
Og for å ta bilder til bla bloggen hadde det vore meir praktisk med eit digitalt...
Ikkje at det betyr at eg skal kaste det gamle! Finst framleis filma å få tak i! Heldigvis ;)


No har eg faktisk funne ei løysing på korleis ha råd til kameraet...
Ta ut kjøpeutbytte på coop kontoen min!! 
Dekker kameraet akkurat ;)

God helg :)

mandag 25. juni 2012

Andekyllingar...

Måå berre vise bilder av dei nydelige og dagsgamle andekyllingane heime hos mor... Heile 11 stk!! Og det kjem fleire ;) Om eit par dagar er neste andemor ferdig med rugetida.. Blir spennande å sjå kor stor andekylling flokken blir.. :) 





:)


tirsdag 19. juni 2012

Liiten handletur på senteret i dag...
Måtte nett innom kremmerhuset og panduro... 

Sååå fine krus... 
Kan hende eg må ein tur til på kremmerhuset og kjøpe fleire...


Og så var det SALG på panduro :)







torsdag 14. juni 2012

Blei avslapping med kaffi og interiørblad
 i sola etter jobb i dag :) 
Meen blei ikkje brun.. Kald vind..

Her er mine "tøffe tøflar" Snart ferdige!
Manglar litt finpuss..

Men føreløbig godt fornøgd med resultatet :)

Ha ein strålande god torsdagskveld!! 


onsdag 6. juni 2012

Barnetøflar :)

2 stk barnetøflar ferdig... :) 

     

 


  


Frå ull til ferdig tøffel..