søndag 30. september 2012

Interiørmesse.... :)


Hadde ein super dag og kveld i går! 
Me var eit par jenter som delte interiørmesse, lunsj, vin , middag og drinkar.... :) Kjempedag!!
Kjøpte utrulig nok ikkje noken ting!

Men det tok eg att i dag... 
Naturligvis av Kirsten Visdal, er ei bok full av inspirasjon og nydelig interiør frå norske heimar. 
Fekk den til og med signert :)
Ny kaffikopp frå bloominville, ha lyst på meir av denne serien!
Nydelige krus og skåler frå kremmerhuset...

fredag 28. september 2012

Helg...!

 Då var siste dag på coop over...
Hadde med 2 kaker, ei vanlig sjokoladekake dekka med seigmenn og nonstopp, og ei saftig gulrotkake. 
Virka som dei falt i smak hos coop gjengen :)
Var både trist og rart å slutte, så mange kjekke og blide kollegaer eg må forlate.... 
Men gledar meg og veldig til mandag og eit nytt kapittel i livet mitt, første dag i ny jobb på IKEA :)


Og i helga er endelig  Bolig og interiør messa i grieghallen!!! Jippi :) 
Program til messa får du her.


Så i mårra skal eg berre gå rundt der og kose meg og kikke og få inspirasjon, og kansje greier eg å kjøpe noko flott.... ;)(les: heilt sikkert, og så langt lommeboka held..!)

mandag 24. september 2012

Inspirert..

Blir så inspirert av alle gode idear og bilder i interiørbladene!


 Ha tenkt på å lage eit oppheng for smykker i lang tid... 
I dag kom det over meg og eg berre måtte sette det ut i live!
Ser foreløbig slik ut..
Enkelt og kjapt med gamle Ikearammer, svart papp og tjukk sølvtråd :)

Søndagstur..

Ja då var det ny søndag og eit NYDELIG haustver ;)
Sto opp tidleg og heiv meg på motorsykkelen og fekk kjørt den heim på vinterferie...
For då rakk eg å få vere med mor og tante på sauesankeing på fjellet :)
 Me gjekk opp Vetlebotnen, der er det ein flott restaurert støl..
Og videre opp på fjellet..
Utsikt ned på nordgulvatnet.
  Skimtar Alden i det fjerne :)
Finst det noko bedre enn brunostskive og kaffi til slik utsikt..?

Brosviksåta forut..
 Me fant heldigvis ein sau med lam, og det var akkurat den sauen me håpte skulle vere der! 
Og kva som sto på middagsbordet me kom heim...?
Fårikål!! :)

mandag 17. september 2012

Helg i sogn..

Tok med ein sekk med ull og reiste heimover til sogn :)
Vart ei koselig og produktiv helg.
Eg fekk bruke eit vaskerom i kjellaren til toving, og kunne breie meg søle så mykje eg orka!
 Heilt noko anna enn å stå på det lille kjøkkenet mitt i byn...

 Mor vaska og kara ull ;)


 Far tok ein trall på trekkspelet..
 Og så fekk me oss ein tur på stølen mellom regnbyene søndags formiddag..!
 Skumle troll på veien opp.... ;)

 
 Desse to søte bur i glaskarmen..

 Me fyrte i ovnen, varma medbrakt gjærbakst,
 
koka kaffi og skreiv i stølsboka..... :)

Helgas produksjon blei heile 6 nye tøffelpar!
Bilete kjem...!





torsdag 6. september 2012

tirsdag 4. september 2012

Polkadot...

Hiver meg på dots trenden :)
 Med eit par lyseblå barnetøflar...

Og no skal eg drikke opp kaffien og hive meg ut å trimme av meg det gode eg stappa i meg altfor mykje av i helga...!

God tirsdag!