onsdag 21. november 2012

Det førtste juletreet...?

Tida og flyg jo av garde, og eg henge ikkje heilt med... 
Ser jo på kalendaren at desember er like rundt hjørnet,  
men eg er kkje heilt klar for det.. 
Stressar ikkje(enda..);) 
Jobbar med tøffel-bestillingar slik at desember kan nyttast til å lage julepresangar til mine slekt og venner.. :)

Ha skaffa meg juletre alt da...;)
Berre måtte prøve denne strikkeoppskrifta frå stoff og stil!
Blir kanskje pynt på det når jula kjem.. 
Biletet handla eg på interiørmessa, Atelie 2W.
  

torsdag 15. november 2012

Litt nytt..

Eg har lenge vore lei av putetrekket på stolane mine..
Og med litt "tovefri", var det kjekt å ta fram symaskina...
 Både pute, stol OG nytt stoff til omtrekking er kjøpt på IKEA..
 Ein kveld med symaskina og vips.. 
Veldig fornøgd med resultatet :)
Kjekt med forandring!
(Ikkje lett å ta fine bilder når det er mørkt ute og golvbelegget ikkje er av nyaste sort akkurat.. )

søndag 11. november 2012

Laudagen...

Laurdag, sove lenge.. Utan å bli vekt av vekkerklokka.. :)
 Trimtur på Geitanuken i regnet.
 Gå innom det lokale bakeriet på vei heim og handle ferske rundstykker, ei heilt nystekt kakedame(rettare sagt 2.. Ei til  sundagskaffien og.. ;)) og VG helg :) 
 
Deilig med helg :)

Trivast supergodt i jobben på IKEA forresten!! :)

mandag 5. november 2012

Julemesse..!

Ja då har eg vore utstillar på mi fyrste messe!
 Julemessa vart arrangert av Breidvik og Bålen bygdelag i Gulen kommune.  
 Eg stilte med eit lass med tøflar i alle fargar og størrelsar (nesten..!). På standen selde eg og toalettvesker, klemmepungar og lefser frå "bestemor design"
Lefsene var sjølsagt storselgaren, mor kan å bake god kling... ;)

Ser ein del eg skulle gjort annaleis.. Men det får eg ta neste gong... ;)
Det var veldig mykje folk innom, og masse lekkert å sjå i kvart eit hjørne av grendahuset! Ei velykka messe :)
 Eg fekk masse positive tilbakemeldingar og selde 10 par tøflar, godt fornøgd :) 

Nokre glimt av mitt harde arbeid her.... :)
  ;)

No skal eg NYTE denne veka med tovefri, trim og mange gode kaffipausar.... ;)