onsdag 25. desember 2013

God jul!!!!!

GOD JUL!!

Ja då var jula komen, og alle julepresangane er opna!
Her var det full fart og ivrige ungar som hadde hogt adrenalinnivå heilt til siste pakke var opna og klokka var over midnatt.. :)

Håpar du hadde ei koselig julafta i går og :)
(Har litt problemer med bilde-opplasting, så det får eg ta att seinare...)

Nyt romjula og lad batteria! Det skal iallefall eg!




søndag 15. desember 2013

 God 3. søndag i advent :)

 Eg har fått pakkane som skal sendast med posten klare, så då unnar eg meg ein velfortjent liten kaffipause... ;)


Korleis går det med deg? Har du orden på juleposten som skal sendast? Nyt søndagen :) 

søndag 8. desember 2013

8. Desember..

Hei og god 2. søndag i advent!

Her jobbast det for fullt med å lage julepresangar og ferdigstille tøffelpar som er bestilte...

Tøffelparet eg er mest fornøgd med til no... :)  


Nyt søndagen!

tirsdag 3. desember 2013

3.desember...

 Hei! Eg tar turen innom for å ynskje deg ei flott adventstid og vise litt bilder frå min lille heim..
Eg har endelig fått det meste på plass, så no er det tøffel og julepresang-laging for fullt...!
Eg er ALLTID seint ute med julepepresang-planlegginga......
 Men neste år...! DÅ skal eg vere ute i god tid ;)(Lov å håpe ivertfall..)
Har fått plass til eit juletre i stova mi og! 
Utrulig kva ein får inn på 32m2... :)

No skal det syast, fleire tøflar venter på tur... ;)


God kveld til deg! 

mandag 11. november 2013

Mandag!

Fekk bukett med roser idag :)

Foreldra mine var på handletur i dag, og kom innom mitt nye krypinn for å inspisere. 


Med seg hadde dei ein nydelig innflyttingsbukett med roser :)

Grei mandag det :)

Håpar du får ei fin veke !

søndag 3. november 2013

Innflytta.. :)

 Halloen :)
Oi jaggu er det ein heil månad sidan sist eg skreiv innlegg her..
Men no er eg endeleg på plass i mi nye leilighet!! 
Og eg må sei det tar si tid å sortere ut det eg ikkje treng, og å  finne plass til alt det andre på på 32m2..
 Eg flytta inn søndag for 2 veker sidan, og har sidan då levd trangt mellon pappkartongane. No har eg fått det meste på plass, og eg ha endeleg fått internett(noko som tok unødvendig lang tid og ikkje minst irritasjon/frustrasjon..).

Her er stova mi.. 
Sofaen har blitt blå. Det er utrulig kjekt å ha ein sofa som ein kan bytte trekk på, plutseleg er det ein ny sofa :)
Fleire bilete av leiligheta kjem etter kvart ;)
Desse kjøpte eg på interiørmessa i Amsterdam, utruleg morosame og flotte ;) Sjå fleire produkter frå Räder her.
Og her e det finaste og tøffaste innflyttingspresangen over alle!!! 
HELDIGE MEG !!! :)

No er det sofatid og nyte søndagskvelden. 
God kveld til deg :)






tirsdag 8. oktober 2013

Heime etter ei super helg i Amsterdam!!  
 Nydelig by... 
Fasinerande mange bruer og kanalar over alt!
Og ikkje minst: vanvittig mange syklar!! 
Eg har aldri sett så mykje syklar nokon gong..

Her går det i pakking.. 
Så fleire bilder kjem! Interiørmessa var super :)
Nærmar seg flytting her...!!




onsdag 2. oktober 2013


Siste par tøflar sendt med posten i går og kom fram i dag...
Det må eg sei er kjapt!
Barnetøflar i størrelse 20/21, og skal varme ein liten gut på føtene i vinter.. :)
Og då måtte eg jo ein tur innom kremmerhuset som ligg vegg i vegg med posten... 
Forelska meg heilt i denne elefanten :)
Pakking og sortering av ting og tang som kan kastast eller gå til fretex er i full gang her.. Flytting neste helg alt..!!!

I mårra reiser eg til AMSTERDAM på interiørmesse...

GLEDAR MEG!!!! :)



søndag 29. september 2013

Tovesøndag..

 I dag har eg stått og tova... 
2 par tøflar i dag og eit i går!
Greit resultat for ei helg der eg og rakk innom loppemarked på lørdag! 
Ååå det e så moro å gå på loppemarked!! Berre synd eg ha kjøpt meg eit kott der eg ikkje ha plass til så mykje... Men kjøpte meg 2 barkrakkar som eg skal ha med meg til den nye buplassen min :)
 Etter ei lang toveøkt i dag, unna eg meg ein cappuccino, kjeks og interiørblad... ;)
No er det sofaen med eit lite strikk..

Klar for åndenes makt!!

God søndagskveld.. ;)

fredag 27. september 2013

Fredagstur.

Du angrar aldri på ein tur...

Plutselig var hausten her..
Trur eg må sei at det er mi favoritt årstid.
Med si friske luft og flotte fargar, er det den klart finaste årstida å gå på fjellet i! 

No blir det sofaen med eit tøffelpar på føtene og eit i fanget under arbeid.. ;)

GOD HELG :)

mandag 23. september 2013

Jippi...!!

Har kjøpt meg leilighet...!!! 
Eller rettare sagt, eit kott.. Leiligheta er berre på 32m2..
Men den er MIN, og det er ein start ;) 
Så no ser eg etter gode løysingar for å putte mest mulig inn på liiiten plass...!

Flytting snart..

Gleda meg :)

mandag 16. september 2013

Barneteppe..

Her kjem mummi....! 
Mummi går aldri av moten :)
Eg laga teppet som dåpsgåve til vetle tantabarnet mitt, Julie som vart døypt i går..


Mummitrollet og snorkfrøken i hekla utgåve.

 Heldigvis var foreldra fornøgde.. :)

I dag var det godt med ein sy-fri dag.... ;)




mandag 2. september 2013

IKEA med musikkvideo...


 Hei hei :)

IKEA åsane har laga sin eigen musikkvideo.
 I dag var det premiere...  Og... Eg e med!! 
Må sei eg og mine kollegaer var ganske så nervøse for korleis filmen var blitt og korleis me tok oss ut foran kameraet....!
Sjekk ut denne fantastiske musikkvideoen!


Det var kjempemoro å vere med på innspelinga, og me e ganske så fornøgde med resultatet...!

Klikk på play og del den videre !! ;)

Ellers har eg eit nytt syprosjekt på gang..


Håpar du får ei kjekke veke!


mandag 26. august 2013

Nok ei helg over..
Nydelig ver og perfekt for motorsykkelkøyretur :)
 Tok turen til Høyanger og overraskelsesfest :) 
Moro!!
Etter å ha køyrt mine foreldre på hurtigruta i dag, måtte eg ha meg ein tur på Geitanuken.
 Altfor fint ver til å sette seg ned inne i.
Og sola må nytast før det atter kjem skyer og regn!! 

Nytt tøffelpar ferdig :)

Nyt den fine mandagskvelden !

søndag 18. august 2013

Ja då var denna helga snart over og..
Forrige helg vart tilbrakt på mc-treffet på Osterøy, flott ver og knall stemning :)

Denna helga vart meir rolig...
Morgonen har som vanleg starta med ein lang og god frukost :)
Tross forkjølelse i kroppen ha eg faktisk vore ute på trimtur...!
Laurdag vart det ein våt gå/jogge tur på asfalten..
 Tur på Geitanuken i dag. 
Regnet heldt seg vekke, og eg fekk til og med sjå sola :)

Men rett etter eg hadde komt meg heim og innanfor døra, opna himmelen slusene og bøtta ned ei volsom regnbye som varte sikkert ikkje meir enn 2 minutt !!

Litt produktiv har eg og vore..
4 nye tøffelpar har blitt til, andre par har fått sålar påsydd ;)
Ny veske :)
Ei veske til!
Denna tova eg i ferien, og endå ikkje heilt ferdig...
Ja og så var det måndag og jobb att i mårra...

Håpar du får ei triveleg jobbveke!