mandag 26. august 2013

Nok ei helg over..
Nydelig ver og perfekt for motorsykkelkøyretur :)
 Tok turen til Høyanger og overraskelsesfest :) 
Moro!!
Etter å ha køyrt mine foreldre på hurtigruta i dag, måtte eg ha meg ein tur på Geitanuken.
 Altfor fint ver til å sette seg ned inne i.
Og sola må nytast før det atter kjem skyer og regn!! 

Nytt tøffelpar ferdig :)

Nyt den fine mandagskvelden !

søndag 18. august 2013

Ja då var denna helga snart over og..
Forrige helg vart tilbrakt på mc-treffet på Osterøy, flott ver og knall stemning :)

Denna helga vart meir rolig...
Morgonen har som vanleg starta med ein lang og god frukost :)
Tross forkjølelse i kroppen ha eg faktisk vore ute på trimtur...!
Laurdag vart det ein våt gå/jogge tur på asfalten..
 Tur på Geitanuken i dag. 
Regnet heldt seg vekke, og eg fekk til og med sjå sola :)

Men rett etter eg hadde komt meg heim og innanfor døra, opna himmelen slusene og bøtta ned ei volsom regnbye som varte sikkert ikkje meir enn 2 minutt !!

Litt produktiv har eg og vore..
4 nye tøffelpar har blitt til, andre par har fått sålar påsydd ;)
Ny veske :)
Ei veske til!
Denna tova eg i ferien, og endå ikkje heilt ferdig...
Ja og så var det måndag og jobb att i mårra...

Håpar du får ei triveleg jobbveke!

tirsdag 6. august 2013


Drøymer om å eige min eigen buplass....

Derfor blir det brukt noko tid her framfor datamaskina,
 med kaffikoppen og finn.no...


Ikkje lett å finne noko til rett pris og på rett plass...
Men eg lever i håpet... ;)

Fin Tirsdagskveld til deke!


søndag 4. august 2013

Søndag!!



Min favorittdag i veka!!
(bortsett frå at det er mandag dagen etter...)

Dagen starta som ein søndag skal, med ein god frukost, kaffi og eit interiørblad..
 Tok meg ein tur på Geitanuken..
 Og så har eg kosa meg med å sy nye puter til sofaen :)






Blei inspirert av motivet på ei 
veske eg såg i ein butikk 
i London. 
Hugsa sjølsagt ikkje
namnet på butikken eller designeren....
Dei andre motiva blei til av seg sjøl... :) Det e så moro!!!



 Det blei 2 nye puter med motiv på begge sider...


No skal siste rest av søndagen nytast i sofaen... :)