søndag 29. september 2013

Tovesøndag..

 I dag har eg stått og tova... 
2 par tøflar i dag og eit i går!
Greit resultat for ei helg der eg og rakk innom loppemarked på lørdag! 
Ååå det e så moro å gå på loppemarked!! Berre synd eg ha kjøpt meg eit kott der eg ikkje ha plass til så mykje... Men kjøpte meg 2 barkrakkar som eg skal ha med meg til den nye buplassen min :)
 Etter ei lang toveøkt i dag, unna eg meg ein cappuccino, kjeks og interiørblad... ;)
No er det sofaen med eit lite strikk..

Klar for åndenes makt!!

God søndagskveld.. ;)

fredag 27. september 2013

Fredagstur.

Du angrar aldri på ein tur...

Plutselig var hausten her..
Trur eg må sei at det er mi favoritt årstid.
Med si friske luft og flotte fargar, er det den klart finaste årstida å gå på fjellet i! 

No blir det sofaen med eit tøffelpar på føtene og eit i fanget under arbeid.. ;)

GOD HELG :)

mandag 23. september 2013

Jippi...!!

Har kjøpt meg leilighet...!!! 
Eller rettare sagt, eit kott.. Leiligheta er berre på 32m2..
Men den er MIN, og det er ein start ;) 
Så no ser eg etter gode løysingar for å putte mest mulig inn på liiiten plass...!

Flytting snart..

Gleda meg :)

mandag 16. september 2013

Barneteppe..

Her kjem mummi....! 
Mummi går aldri av moten :)
Eg laga teppet som dåpsgåve til vetle tantabarnet mitt, Julie som vart døypt i går..


Mummitrollet og snorkfrøken i hekla utgåve.

 Heldigvis var foreldra fornøgde.. :)

I dag var det godt med ein sy-fri dag.... ;)




mandag 2. september 2013

IKEA med musikkvideo...


 Hei hei :)

IKEA åsane har laga sin eigen musikkvideo.
 I dag var det premiere...  Og... Eg e med!! 
Må sei eg og mine kollegaer var ganske så nervøse for korleis filmen var blitt og korleis me tok oss ut foran kameraet....!
Sjekk ut denne fantastiske musikkvideoen!


Det var kjempemoro å vere med på innspelinga, og me e ganske så fornøgde med resultatet...!

Klikk på play og del den videre !! ;)

Ellers har eg eit nytt syprosjekt på gang..


Håpar du får ei kjekke veke!