mandag 24. februar 2014

Ja då var det mandag og OL er over... 

Helga blei tilbrakt mykje foran tven, havregrauten måtte få det norske flagget i anledning 3-mila til damene..;)
Litt inspirert av Ida Frosk for tida.. ;)
Moro å leike litt med maten!
Og dei flinke norske damene tok like godt heile pallen! Kjempekjekt!!! :)
Men eg greide no å komme meg ut av sofaen og trimme litt og faktisk.




 I dag rakk eg og ein tur etter jobb.. Eg oppdaga plutselig noko i spegelen idagtidlig, ei DOBBELTHAKE...! Skrekk og gru...! No skal det skjerpast her! 
Tilbake til verkelegheita og opp av sofaen!

Har fått laga og levert litt tøflar i dei siste vekene, til både store og små føtter :)





God mandagskveld til deg :)



søndag 16. februar 2014

God søndag!

 Var ein liten tur heimom i helga..
Og i dag fekk me sjå heile 2 regnboga.. :)
God søndagskveld til deg!

Her blir det sofakos med nytt interiørblad.. :)

søndag 9. februar 2014

Ny søndag er nesten over.. 
Tida fer så altfor fort!

Men eg har no fått gjort litt denna helga og!
Rakk ein liten tur opp til vatnet etter jobb på fredag, før 
OL-åpningssermonien starta.
Utrulig nok vakna eg tidleg på lørdag, kom meg ut og opp på toppen før frukost :) 
Her skal juleflesket trimmast..!



Så då kunne eg nyte ein god frukost, medan eg såg Marit Bjørgen ta vårt fyrste OL Gull :) 
Ny favoritt kopp frå Bråkig serien, IKEA :)
Og jaggu kom eg meg ut ein tur idag og !
Forrige helg vart eg med mor mi på besøk til søstra mi, og familien hennar i snøfylte Lier.
Der fekk eg og bestillingar på nye tøflar, så her er helgas produksjon..

4 par blei det...:) 
Men no må eg av å handle meir ull på Hiilesvåg før eg får produsert ferdig dei andre bestillingane..! 

God søndagskveld!

Og ja- GRATULERER MED MORSDAGEN alle mødre der ute !!!