torsdag 29. mai 2014

Nesten FERDIG!

Hei :)
Då har eg rydda vekk malingssakene for ei lita stund.. 
Undervegs:
Siste veggen er malt, og taket på kjøkkenet er blitt KVITT att :)
 Eg har ikkje bestemt heilt kva eg skal ha på den store reine veggen, men har litt lyst på ei tallerkenhylle eg kan male... 
Ferdig:
 Lampa er eg berre så glad i, men opphenget er ikkje heilt ferdig. Biletet på veggen er berre eit trykk eg kjøpte på stoff og stil, som eg skal trekke rundt ei ramme etter kvart..
 Herleg med kvite og slette veggar!
 DIY på ein time.. 
"Bråkig"-tapet frå IKEAs limited edition blei trykt inn i sprekken mellom glaset og ramma på vitrinedøra, og vips hadde eg sprita opp Billy reolen min :)
Kjapt, enkelt og virkningsfullt, og veldig enkelt å skifte!
Enda ein DIY (do it your self/gjer da sjøl)  
Over kjøkkenbenken har eg limt glatte kvite veggplater frå IKEA, men pga ujamn vegg blei det litt sprekker mellom platene..
 Eg kjøpte marmorfolie på panduro og skar ut heksagram former, og festa dei deretter over kjøkkenbenken. Det fekk fokuset litt vekk frå sprekkene, og eg digga marmorfolien! Kanskje eg kjem til å lage fleire, eller fjerne nokon, men må sjå det an.
Trur nok eg kjem til å bruke folien fleire plassar, enkelt å ta på og å fjerne!
I dag eg eg vore på lang sykkeltur. Herleg!! :)
 Turen gjekk frå åsane til Flåm, nydelig lanskap på alle kantar heile vegen! 
Takk for turen :)
Og noken av oss må på jobb i mårra att... 
Nyt kvelden!

tirsdag 13. mai 2014

Oppussing..!

Hei :)

Ja då var eg igang att her... Endelig har energien komen att i kroppen, og prosjekta står i kø.
Eg har leeenge irritert meg over denne lille veggen mellom kjøkkenet og gangen.. Her er det ei gamal gulna strie.. Likar ikkje strietapet...!
"FØR" 
Ja så då måtte den vekk :)
(Lampa i taket er nyinnkjøpt på brukten, berre måtte ha den:))
 Hadde problemer å velge veggfarge.... skulle eg satse på ein sprek farge, eller køyre den trygge kvite...?
Valgte å ta kvite veggar no.. Det er jo fort gjort å male veggen seinare om eg får lyst til det :)
 Prosjektetet utvidar seg stadig... Stria mellom kjøkkenskapa måtta vike og!
Og idag blei den siste veggen med i fornyinga.. 
Synes det er veldig kjekt å pusse opp og styre på eg :)
Men skal bli godt å bli ferdig sjølsagt, ikkje så lett å pusse opp når ein bur på ein så liten plass.. 
Men trivast eg :)

Neste gong blir det forhåpentligvis ferdige "ETTER" bilete ;)

Ha ei god veke! 

mandag 5. mai 2014

Frå blått til grått...
Bytte sofatrekk og farge på sofaen gjer noko med heile rommet :)
Og så enkelt! No er det lys og sommar.
Og endelig kan eg bruke verandaen min! 
Min eigen private uteplass, skal kose meg med møblering og plante blomar. Berre vente til feriepengane kjem fyrst... ;)

No skal eg tove litt...

Fin veke til deg :)