onsdag 23. juli 2014

Sommar og sol :) 
Ferien er slutt.. Men prøver å halde på feriefølelsen likevel!
Endeleg har eg kjøpt meg møblar til verandaen min! Og eg var så heldig å finne den sofaen eg har hatt lyst lenge, i billigkroken på IKEA, eit kupp :) Der var det og eit lite brettbord, grei størrelse til meg...
Manglar berre puter, men det fiksar eg sjøl! Skumgummimadrass, stoff og symaskin, så er sofaen klar til utekos. Sjølv om det er nesten for varmt å sitte på verandaen då... 

Innomhus har det gule nashornet fått besøk!
Det gule nashornet er kjøpt på Søstrene Grene, medan dei andre fann eg på TGR..

Dei vaktar over døra mi :)

 Ha ei fin veke! Snart er det helg att ;)




mandag 14. juli 2014

Sommarferie..

Slik ein nydeleg sommar kan eg ikkje hugse sist det var... 
No har det vore så fint og varmt, at me faktisk ha klaga på at det har vore FOR varmt!  


Slik skal sommarferien vere :)
Bading med bestemor og fisking frå flytebryggja..


Beste følelsen, å berrføtt i graset.. :)
Og så har eg fått klare putene som er bestillt! 
Håpar dei passar på hytta!







 Eg er berre ein kjapp tur heimom og pakkar om, det er siste veka av ferien min alt.. 
Og den må utnyttast til tur, på sykkelen så klart ;)

Fortsatt god sommar og god ferie :)