mandag 13. oktober 2014

HEI HEI!
Då var det mandag att, helgene går så altfor fort!
Eg har hatt ei behagelig helg med fjellturar og tøffelarbeid.
  Barnetøflar er pakka og klare til å bli sendt i posten i mårra!
Håpar dei passar :)

For litt sidan var eg på tovekurs med filtmakaren Evelyn Refsahl,  der eg lærte å tove hatt! 
Det var ein veldig kjekk og lærerik søndag. 
Her er eg undervegs i hatten..
Litt havinspirert, kanskje litt av Poseidon..?
 Veldig glad i fargar som gradvis glir over i kvarandre...
 Min første, men ikkje siste hatt! 
(Ikkje heilt ferdig, må sy kanten rundt og halen fast.)

Har allereie mange idear i hovudet til fleire...!
 Håpar du får ei flott veke!

torsdag 9. oktober 2014

#HAUST

Trur eg har sagt det før, hausten er mi favorittårstid!
Hausten byr på nydelige fargar, frisk luft og innekos..








I både sol og regn..


 Og i mårra er det eeendelig fredag!! 
GOD HELG !

lørdag 4. oktober 2014

Hei!
Eg har vel gløymt å vise bilete av gangen ferdig, så her er den.
Ikkje så lett å ta bilete av ein så liten gang..
Fornøgd med resultatet, gangen fungerar utrulig bra tross liten plass :) 




I dag er det tøffelarbeid.
 Har fått ein del bestillingar til jul, så det er berre å stå på, få dei ferdige og ut av hus. :)


 Barnetøflar med maur har eg akkurat lagt inn i eplabutikken min! 
Str 20/21, med latex under.



Nyt helga!
Eg skal kose meg med tøflar ikveld, og i mårra skal eg på tovekurs! Gledar meg :)