søndag 15. februar 2015

Hei!
Endelig kom sola, og eit nytt blogginnlegg.

Noko eg lenge har tenkt på er å fjerne persiennene eg hadde i stoveglaset, og no endelig gjorde eg det! Ei litt tynn rullegardin er mykje enklare å halde reint og så mykje finare!
Veggen bak sofaen er i endring, og eg driver å spekulerer på kva eg skal gjere her... Trur eg treng fleire bilete.

 Forrige søndag var eg i barnedåp til den sist ankomne i familien, og endelig var det ein gut! Så no er eg faktisk tante til heile 9 store og små...!(7 jenter og 2 gutar..)
Eg sydde eit lite leiketeppe med traktor som gåve..
 Traktoren går an å ta av, og trea på sidene er fylt med ei rangle eller plastgranulat. 
Inspirert av eit teppe som eg sydde etter ei oppskrift frå stoff og stil for fleire år sidan. 
Veldig kjekt å lage noko nytt som ingen andre har maken til.


Ellers har eg tova ein del tøflar på bestilling :) Veldig kjekt !!







God søndagskveld !