onsdag 28. oktober 2015

Soverom nesten klart!

HEI!
Ja då greidde eg å halde meg til planen og fekk lagt golvet på soverommet i helga! 
Det gjekk mykje lengre tid enn eg hadde trudd. 
Det blei litt trøbbel i starten sidan eg aldri har lagt laminatgolv før, men eg greidde det og er veldig fornøgd :)
 Listinga må eg ta etter at eg har fått garderobedørene på plass, men det går fort.
Søndag var eg heime og bytta til vinterdekk på bilen, og tok med meg ein stol eg er velig glad i og endelig har eg plass til den att!!

No er det stova som står for tur! 
Formen er litt redusert idag, då eg har operert ut ei visdomstann... Men eg satsar på at eg kjem meg fort og stova blir ferdig i helga!



torsdag 22. oktober 2015

Oppussing...!

Hei :)
Her går det i oppussing kvar ettermiddag og helg. Så det blir lange dagar, men veldig kjekt no når eg endelig kan sjå enden!
Soverommet er i kveld ferdigmalt i tak og på veggar,  kanskje litt kjedelig med kvitt overalt, men fargar vil eg vente med til eg kan bruke tid på å bestemme meg. 
Eg vil bu meg inn litt inn før fargane kjem på veggen.
Bedre bilder med ferdigmala veggar kjem i neste innlegg!
 Stova er neste prosjekt..
Her er eg i full gang med å fjerne tapeten, den slepper ganske lett når den blir bløyta med vatn. Det er berre den fantastiske bårda som sit godt, forstår ikkje kva som gjorde den så populær ein gang i tida...! 

Planen er å få lagt laminatgolv på soverommet i helga, fant eit som var ganske likt stovegolvet. Aldri lagt golv før, så det blir spennande.
Parketten i stova er ferdig beisa og lakka og ligg for øyeblikket skjult under papp.


God helg til deke!
Oppdatering kjem etter kvart!

søndag 11. oktober 2015

Leilighet solgt!!

Jippi!!
Eg er så glad og fornød for at eg har fått solgt leiligheta mi, og det til over takst!! Det er heilt fantastisk godt :)

No jobbar eg med den nye leiligheta mi. 
Og som så ofte skjer, så balla ting lett på seg...
Slik så bildeta frå prospektet ut:
Eikeparkett,, ganske gul og strietapet på veggane. Så då var planen å ta stova først. Eg har lyst på lysare golv og slette veggar.
Fliser på golvet på soverommet?? Ken som likar det? Kaldt og og fæl farge.. Skulle egentlig male dei, men så oppdaga eg at det ikkje var fliser inne i heile garderoben. 
Samme fæle fliser på kjøkkenet. Så då fant eg ut at sidan eg ikkje vil leve med dei og sidan dei ikkje dekkar heile golvet, så fjernar eg dei like godt no medan eg kan støve ned heile leiligheta...

Så ja då ser det litt slik ut. 
Her er ikkje flisene fjerna enda, men ein vegg er plutselig vekke..
Ville opne opp kjøkkenet til stova litt.


Eg blir litt stressa av meg sjøl, skulle egentlig ikkje ta så mykje no først. 
Men samtidig er det veldig godt å få gjort unna alt støvarbeidet som nesten blir umulig å få gjort når eg har flytta inn.
 Så ja då får eg sjå kor langt eg kjem før innflyttingsdatoen er her! Så lenge stova er ferdig så er eg fornøgd.
No er eg sliten, så det skal bli godt å krype opp i sofaen.
Beise golv i mårra!
Meir bilete kjem etter kvart ;)

God søndagskveld :)

fredag 2. oktober 2015

Trude flyttar! Episode 2..



I går fekk eg nøklane til mi nye leilighet!!


Tirsdag kom leiligheta eg skal selge ut på finn.no.
Det er kjempespennande og litt skummelt..
Håpar og kryssar fingrar og tær for at nokon likar leiligheta mi og det eg har gjort den, og får lyst å bu her!
Veldig fornøgd med bildene som sagt :)
Desse bileta har eg lånt av annonsen min på finn. Resten av bileta og annonsen kan du sjå HER.






GOD HELG!
Eg blir nok i mi nye leilighet mellom malingspann og tapet..;)