søndag 29. november 2015

1. søndag i advent.

Hei :)
Fyrste søndag i advendt alt, skal sei tida flyg!
Og eg som ikkje har ein einaste julepresang klar enda...
Kjenner litt stress i kroppen når eg tenker på det, men det ordnar seg vel på eit vis.


Vintersport på tv, kaffi i koppen og eit tøffelpar under arbeid. 
Det er slik eg likar å ha det før jul, litt rot og kaffikos.
(Om du ser ein stol stå ute på verandaen, er det ein gamal stol heimanfrå, den trengte ein vask så den står til tørk..)

Oppussinga har stått litt på vent no, eg har jobba med å tove tøflar som er bestilt til jul. 
Men eg fekk handla meg garderobe på black friday, og den monterte eg opp i går, det er veldig godt å flytte ut av kofferten endelig! 
Dårlege bilete, men du ser at garderoben er på gang.

No er det tøffelarbeid og sofa!
Betre bilete kjem etter kvart som rotet og pappkassane forvinn...

Nyt søndagen :)



søndag 15. november 2015

Flytta inn!!

Hei hei!
Ja då har eg endelig flytta inn :)
Her er frå kvelden før flyttelasset kom på plass, og eg er så fornøgd med veggfargen på endeveggen av stova!

Slik ser det ut idag :)
Litt kaos og kassar er det sjølsagt, men eg er innflytta og det er så herlig! Den gamle leilighet er ferdig vaska og klar for ny eigar.
 Sofa og tv er komt på plass og eg kosar meg, no kan eg jobbe med resten av oppussinga litt etter litt.
Eg flytta inn forrige fredag og har budd her ei veke no, det kjennes utrulig godt å ha plass til å slå ut armane og bevege seg! Merka ikkje kor trangt eg budde til eg kom inn her... Det er stor forskjell på 32m2 og 58m2!

God søndagskveld!

søndag 1. november 2015

Endelig ferdigmalt stove!

Hei!
Idag er eg endelig ferdig med stove veggane! Eg er så glad ;)
Det er kjekt å jobbe når ein ser resultat! 

Her er tapeten på vei vekk, det har tatt nokre ettermiddagar å få den vekk for å sei det slik..
Tapeten endelig vekke, sparkling og pussing neste.

 Grunning!

 Endelig ferdigmalt!
 Måtte ha ein vegg med farge, og den har det passande navnet håp.
 No er det listene som gjenstår, så er det innflytting!! 
Gleda meg :)

Eg er fornøgd med innsatsen denne helga til tross for at eg ikkje har vore heilt i toppform etter visdomstanna vart operert ut. (har gått rund med ein stor kul på kjaken, så greit å gøyme seg vekk litt..)

No skal eg nyte resten av søndagen rolig i sofaen.
God kveld til deg !