onsdag 23. desember 2015

GOD JUL

Berre innom for å ynskje deg ei riktig god jul !

No reiser eg heim til Gulen for å feire jula der.



søndag 13. desember 2015

3. søndag i advent..

Ja då er det snart jul!
Og her går det i den vanlige desember aktiviteten, tove ferdig tøflar som er bestillt og prøve å lage og kjøpe ferdig alle julepresangane eg sjølv skal gje.
Men eg har fått pynta litt til jul og :)
 Og idag har eg endelig fått hengt opp gardinstang og gardiner, eg synes det blir litt meir lunt her inne med gardiner når det er så mørkt ute.
Endelig er vintersporten igang og, så med sport på tv styrar eg på med juleforberedelsar.
 Ute på verandaen min veks det mykje løye i verandakassen, og ein av vekstane er eit lite bjørketre!
Eg gjekk ut og saga den ned og putta det i ein vase, så då fekk eg brukt nokre av julekulene mine ;)
 God søndagskveld til deg :)
Her er det snart handballkamp og presanglaging i sofaen.