søndag 14. februar 2016

Riving pågår..

Hei!
Her er ei kjapp oppdatering på mitt kjøkken prosjekt...
Slik såg kjøkkenet ut då eg kjøpte leiligheta:
Ein nydelig raud vegg og flotte orange fliser!
Og slik har det sett ut etter eg flytta inn.
Eg reiv vekk ein vegg og tok vekk flisene på golvet før eg flytta inn.
Onsdag var rørlegger og eletriker her og kobla av straum og vatn slik at eg kunne rive, varmtvannstanken ville eg gjerne ha, så den står no i stova.
Så då eg kom heim onsdag såg det slik ut..
Kaos kan du godt sei ;)
Men det var fort gjort å rive vekk skap og selge oppvaskemaskina på finn.no. Alt var vekke samme dag!
 Neste var då å rive vekk gips slik at eletrikaren kan legge opp nye punkt til komfyr og diverse, og fordi flisene over kjøkkenbenken tok med seg gipsen når eg reiv dei vekk..
 Men det gjekk faktisk veldig greit. 
Betongveggen er endelig skrapa fri for raud og orange maling, så då trenge den berre nokre omgangar med skikkelig skuring så er den klar!
I morgon tidleg kjem eletrikaren, så eg håpar eg kan få plate opp att veggane i veka! 
Gledar meg til støvjobben er over!

God søndag og morsdag :)






1 kommentar: