mandag 28. mars 2016

Hei!
Håpar du har hatt ein fin påske!
Det vart vist ikkje blogginlegg igår, men det er jo nesten søndag idag og, sidan det framleis er helg..
Eg har hatt ei heil veke ferie, og det har gjort godt. Fått ordna i heimen litt meir, besøkt venner og vore heime i gulen med familien der det var fullt hus!
 Veret kunne vore betre, men frisk luft er godt uansett.
Favorittlampa mi er komen på plass over kjøkkenbenken, den kjøpte eg på bruktbutikken i Knarvik for eit par år sidan. 
No driv eg og testar kva fliser eg skal ha over benken, og kva størrelse eg skal velge. Ei venninde tipsa meg om å klyppe ut papir i størrelsen til flisene og teipe dei opp, kjempesmart! Dette er str 10x30 cm, og dei flisene eg likte best.


 Då eg var heime i påsken fekk eg hjelp av storebror til å ta ned og kutte litt i toppen på eit gamalt kjøkkenskap, eg likar veldig godt desse gamle skråskapa og håper det passer perfekt over kjøkkenbenken!  
Litt pussing og maling må til først..

I morgon er det kvardag att.. Nyt siste kvelden av påska!



søndag 20. mars 2016

Påskeferie!

Hei! 

Eg har flytta inn og laga mine fyrste middagar på mitt nye kjøkken denne veka, og er så glad og fornøgd.
 No har eg endelig fått opp lys i taket og tatt vekk den irriterande snublefella med skøyteledning og stålampe. Det meste er komt på plass, kjøkkenvifte, sokkelister og alle skuffer er fyllt opp! Sjølsagt gjenstår det litt arbeid, men no har eg iallefall kjøkken! 
I påska skal eg heim til Gulen og sjekke om eg kan bruke eit gamalt overskap der eg har så lyst på. 
 Handtaka laga eg av lær som eg hadde liggande, og mutrar frå biltema!
 Likar når eg kjem på lure løysingar! Slik som her i den lille plassen som var til overs mellom veggen og skuffeskapet, ei knaggrekke frå IKEA til garderobeskap som går an å trekke ut! 
 Skuffer inni skuffene er ein super ting!
No skal eg jammen ta meg ein glas rødvin og kose meg i sofaen etter dagens innsats! Eg har rydda og vaska heile leiligheta, og funne att både stovebord og gang! Finn.no er så genialt, på eit par timar var eg kvitt det gamle kjøleskapet som stod ute i gangen.

Nyt søndagskvelden du og, det er jo påskeferie!
GOD PÅSKE! 


søndag 13. mars 2016

Kjøkken

No ser det ut som eit kjøkken! 

 Eg jobbar med få på handtak på skuffer og skap så eg kan flytte inn, detaljer på dette kjem etter kvart.

 Vifta over platetoppen er på veg opp, men ikkje heilt løyst problemstillinga med korleis får røret fint inn i vifta endå, så den må eg jobbe litt med, derfor ikkje bilete på det idag.. ;)
På tirsdag får eg straum på heile kjøkkenet og slepp stålampe og skøyteledningen som eg konstant stumpar i...

God søndag !

søndag 6. mars 2016

Kjøkkenet er komt!

Hurra :)
Endelig er eg igang med kjøkkenet mitt, noko eg har sett fram til lenge.
Slik såg det ut onsdag ettermiddag då alt kom på døra, stappfullt!
 Eg hadde tatt meg ferie torsdag og fredag for å montere og få gjort mest mulig for å få inn straum og ikkje minst vatn att på kjøkknet så snart som råd.
Desverre kom og ein forkjølelse/influensa samtidig, men greide å oversjå den nok til rydde ut og få opp alle skapstammane.
 Det eg er mest stolt av er at eg greide å sage hol til platetoppen og vannrøret som går gjennom leiligheta heilt åleine! Og det blei bra! :) Eg fekk heldigvis god hjelp meg å løfte på plass den største benkeplata, den var for tung å løfte på plass åleine.

Idag har eg montert litt skuffer, og sett på skiskyting.
Gledar meg til i morgon, då kjem rørlegger og fjerner gamle varmtvannstanken som står i stova og monterer inn ny, og eg får vatn i springen!
No berre kosar eg meg, eg trur dette blir eit bra kjøkken eg :)

God søndag!