søndag 31. juli 2016

 Hei!
Soverommet mitt har fått seg ei oppdatering!
 Då eg pussa det opp og flytta inn, mala eg berre alle veggane kvite slik at eg seinare kunne  tapetisere eller male om når eg fant ut kva eg ville ha.
 Slik såg det ut innan eg tok fatt med malerulla.
 Eg har spekulert og tenkt at eg ville ha ein slags ombre-effekt på veggen. Ombre-effekta er at veggen går frå mørk til gradvis lysare og endar opp i ein heilt lys eller kvit farge til slutt.
Men eg syntest det var veldig vanskelig å vite korleis eg skulle gå fram for å få det resultatet eg ville ha.. Så eg har tråla internett og pinterest for inspirasjon og tips, der fant eg inspirasjonen som blei min fjellinspirerte vegg!
Her kan du sjå biletet og kva som inspirerte meg.


 Eg brukte rett og slett berre ei rulle, starta med kvitmalinga som eg blanda meir og meir grått i for kvart lag.
Det var utrulig kjekt og berre rulle i vei!
 Eg hadde tenkt at eg heilt sikkert måtte ha mange forsøk, og at eg berre kunne male over om eg ikkje likte det, men eg blei fornøgd etter fyrste forsøk! 
 Nyt den siste søndagen i Juli! 

søndag 24. juli 2016

Gangen er ferdig!

HEI!
Her har det jo vore regn innever for det meste i det siste..
Så eg har møblert litt i gangen.
ENDELIG fant eg telefonbenken eg har ønska meg i lang tid!
Eg har hatt eit søk på telefonbenk liggande på Finn.no lenge, og no var det endelig ein som traff meg. Problemet var berre at eg helst ville ha skuffene på den andre sida, men eg tok sjangsen på at det gjekk an å skru eller flytte på eit vis.
 Og det var jo så mykje lettare enn eg trudde! Det er berre å løfte opp setet og dytte den til den sida ein vil ha den, GENIALT! 

 Nytt stoff på setet og ein omgang med vask og olje, så var den som godt så ny!
 Passar perfekt i gangen og til tapeteten.
 Så fant eg dette teakspeilet på ein bruktbutikk her i Åsane.

Håpar du har ein nydeleg søndag, eg har vore på både fjelltur og motorsykkeltur i finveret.

God kveld!



søndag 10. juli 2016

Hei!
Er litt i det grønne hjørnet for tida.
Lyst på store grønne plater og pidestaller i forskjellige høgder, men må begrense meg litt når eg ikkje har allverda med plass..
Pidestallane kjøpte eg på Lagerhaus, desverre var eg litt for sein med å handle, så desse to var alt dei hadde att..

 Ellers er det litt maling denne veka og, stolen blir grå!
 Noko må ein jo finne på mens ein ventar på at sola skal komme att.. Lengtar etter sol, varme og lange turar på motorsykkelen! 
Kryssar fingrar for at me får oppleve meir flott sommarver snart.

Nyt søndagskvelden!


søndag 3. juli 2016

Hei!
Litt innandørs no sidan veret er veldig vått for tida..
Eg har endelig mala spisebordet mitt, og det blei så bra!
 Bordet her fant eg på finn.no, gratis!
 Stolane kjøpte eg på brukten i knarvik og har no fått på nytt trekk.

 Lysare her i stova no :)
Håpar sommarsola kjem att snart så eg kan få springe meir på fjellet og ikkje minst lufte motorsykkelen..

God søndag!