søndag 25. september 2016

Komt på trykk!

Hei!
Eg er så stolt!
Eg har fått soveromsveggen min på trykk i oktobernummeret av Boligpluss!


Det er berre ein liten artikkel, men kjempemoro å komme på trykk, og i tillegg få beste tips og vinne ei gryte frå le creuset :)

I går fekk eg endeleg dørene på plass i det gamle kjøkkenskapet mitt! 
 Men var litt av ein jobb å pusse og file vekk dei nødvendig millimeterane for å få skyvedørene til å passe inn i spora..
 Her er før dørene er på plass..
Det vart så mykje ryddigare på kjøkkenet no.


Nyt søndagskvelden! 


søndag 18. september 2016

Herleg helg.

Hei! 
Denne helga har vore så utruleg kjekk.
Fredag var det spelekveld, me er 4 veninner som møtast av og til og spelar brettspel, et litt for mykje snop og tyt masse..
Laurdag var eg med mi gode veninne @retroloppa på loppemarked og retro, antikk og samlermesse i Bergen. 

 Masse fint å sjå på her på retro og antikkmessa :)


Handla litt og da... Eit nydeleg fat frå Norsk flint Egersund, kopp  folklore figgjo, samt ein kjempefin ring i sølv :)
Å drikka og falle, det kan alle, men å drikka og stå det leitar på...
Og idag var eg med tanta mi på open dag på Norsk trikotasjemuseum i Salhus.
Her tvinnast det strikkegarn.
Underbukse kunst..

 Spinning..
 Strikkemaskiner.

 Syloftet..

Og du, sjekk boligpluss interiørblad for oktober !!! ;) 

God søndagskveld !

  

tirsdag 13. september 2016

Hei!
Denne helga var eg ein tur heimover til Gulen og besøkte mine foreldre.
Det blei litt toving, plukking av plommer og pærer og ein flott båttur til Dale på søndagen.



 Her er bygda mi, Breidvik.

 Gårsdagens nons er grei kaffimat på sjøen..


No er sommaren her nokre dagar, og me får nyte den så godt me kan!
Eg har brukt ettermiddagen min på terrassen og slappa av i sola..

Håpar du får ei flott veke!