torsdag 22. desember 2016

GOD JUL!

Hei!
Idag er det berre 2 små dagar att til julafta, 
og eg har akkurat pakka inn dei siste presangane!
 Trur det er lenge sidan eg har vore klar med alle julepresangane så tidlig, he he med det seier vel mest om kor treig eg pleier å vere.. 

Juleforkleet er på plass på kjøkkenet.
 I kveld skal eg på julebesøk til ei god venninne, og i morgon fer eg heim til Gulen for å feire jul med familien.
Gledar meg til ei koseleg julehelg.


Ynskjer deg ei riktig god jul!!


søndag 18. desember 2016

Snart JUL!

Hei!
4. desember i advent i dag, og det betyr at neste lørdag er det julafta!
Er du klar...?
Eg er som vanleg ute i siste liten.. 
Men trur eg skal klare å bli ferdig med alle julepresangane utan for mykje stress...
Eg har fått gjort litt i helga, så føler eg har ting under kontroll.
Julepynten er på plass meir eller mindre.

Julepresangane som skulle med posten er sendt innan fristen, men 
då eg skulle pakke inn og skrive på til og frå lappane, oppdaga eg sjølsagt at eg ikkje hadde lappar...
Så då blei det ei heimelaga løysing, små julehjerter med lapp inni.
Blei jo fint :)

No er det snart FINALE i handball em!
Eg skal benke meg foran tven, bite negler, heie og forhåpentligvis juble for gull til slutt. 

God 4 søndag i advent til deg :)

søndag 4. desember 2016

Advent


Plutselig var det 2 søndag i advent alt...
 Forrige helg var eg på besøk hos ei god veninne som bur på Hadeland, eg hadde ei super kjekke helg. 
Føltes som ein liten ferie!
Eg kom heim seint på søndag, derfor blei det ikkje noko 1 søndag i advent her på bloggen.. ;)
Denne helga har eg tova tøflar, som vanleg.. ;)
Men no endeleg kan eg krysse av lista for at alle(nesten..) tøflane er tova og står til tørk!!
 Julepynten kjem snikande litt kvar dag.. 
Eg burde verkeleg tenke på og planlegge kva eg skal gje i julepresangar no etter kvart...

Burde, skulle, må og vil.... 
Mykje som eg skulle gjort, mykje eg har lyst til og mykje eg absolutt burde ha gjort...
Men no kjenner eg for å ta meg ein pause frå alt det ikveld,
tøflar står til tørk og har gått meg ein tur ute og fått frisk luft..
no skal eg ete ein sein middag og rett og slett slenge meg på sofaen og koble heilt ut!

God søndag!