søndag 24. april 2016

Hei!
Lite nytt å melde denne veka..
Har rett og slett hatt ei veke med lite energi og dermed lite som er blitt gjort, men sånn er det vel av og til.
Men har komt meg ut på trimtur idag!
 Våren er endelig her!

I ettermiddag har eg kost meg her i den gamle godstolen som mi bestemor hadde, og lest i interiørblader.

God søndag :)

søndag 17. april 2016

Hei!
Litt nytt i gangen, fått opp ei knaggrekke.
 Dør inn til det lille kottet mitt har eg og fått på plass, litt greit å kunne skjule alt rotet der inne..
Døra stod nede i ei bod, var litt vel trang, men det får gå..
Knaggrekka er ei IKEA PS knaggrekke som eg mala og tapetiserte med samme tapet som veggen, så går den nesten i ett med veggen. 
Veldig fornøgd med resultatet! 

 Ellers har eg kosa meg med tur ute i det nydelige vårveret både lørdag og i dag. Kjenner kroppen treng trim, oppussing gir desverre ikkje bedre kondis, så her må det trimmast!

God søndagskveld :)

søndag 10. april 2016


 Hei :)
Endelig vår i lufta og eit nydelig ver her i helga. 
Kjøkkenskapet er endelig oppe, det tok nokre dagar før eg var sikker på kva eg syntest om det, men no synes eg det passar perfekt! 
Gledar  meg til å få på dører og hyllene inni. Skyvedørene som eg tok frå eit heilt likt skap, trudde eg skulle passe fint. Men det viste seg å ikkje vere så lett sjølsagt, dei var for høge... Så då må det kuttast litt, men det ordnar seg vel til slutt.

 Mikrobølgeovnen er komt opp på veggen, men eg trur eg må ha ei dør framfor, ikkje så lekkert å kikke rett på eit ope skap med ein gamal mikro..


Føler eg har lov å klappe meg sjøl litt på skuldra for alt eg har fått til, det har tatt tid, men har erfart at det er lurt å bruke tid og bu seg inn for å vite kva løysingar som passar best.

God søndagskveld :)

søndag 3. april 2016

Rydding!


Hei :)
Her er det som vanlig litt kaos og rot.
Det tar tid å bu seg inn i ny leilighet når ein pussar opp og stadig har noko prosjekt på gang... Men denne veka har det ikkje skjedd stort, rett og slett vore litt trøtt og giddalaus!
Men våkna til når det er helg og fri! 
Lenge har eg par stablar med pappkassar ståande på soverommet og no var eg lei av å sjå på dei.
Innholdet i pappkassane skal for det meste vere på soverommet, men må ha plass til noko her inne i stova og. Så dagens prosjekt blei å rydde, tømte alle skapa og flytta dei samtidig 20 cm nærmare sofaen, slik at datamaskina kan gå inn i hjørnet og bli litt meir skjult.
Eg må berre finne eit bord eller skap eller noko slikt lurt å plassere macen min på, og helst eit som ikkje kostar for mykje..
 Men no gir eg meg for ikveld, skapa er igjen fulle og ein kasse med ting er gjort klar for fretex.
Det gamle kjøkkenskapet mitt er no ferdigmalt og klart til å hengast opp, eg er veldig spent på korleis det vil gå..
God søndag :)