søndag 22. mai 2016

 Hei!
Ja då var det ny søndag att og me e komt til midten av mai måned alt. 
Tirsdag var det 17. mai, og her var det flagg på nesten var einaste terrasse, var veldig flott å sjå!
Eg har ikkje flaggstang så eg planta to mindre flagg godt nedi bedet mitt..

Har fått meg nytt bord til macen min, bruktkjøp frå Fretex for 49 kr som eg mala kvitt og kledde med marmorfolie frå Panduro.
 Hengt opp nye hyller i stova og, dei har eg kjøpt for lenge sidan, men fyrst no fant eg ein plass til dei!

I dag har eg hatt besøk av mine foreldre til middag, og så kom tanter og onkel til kaffi. Veldig koselig.
Og så fekk eg presangar og!

Eg laga ei pavlova (som eg sjølsagt glømte å ta eit bilde av..)
og heldigvis forsvant nesten heile kaka! For her har kiloane lagt seg på kroppen og no må dei av til sommaren.
Ikkje så lett når det allereie nesten er sommar, men får prøve å komme litt i form og ete mindre kaker iallefall..

God søndagskveld! 

søndag 15. mai 2016

Hei!
Denne veka har eg tilbragt alle ettermiddagane mine meir eller mindre på terrassen og på hovudet ned i bedet, der eg har gravd og dratt opp busker og røtter. Litt av ein jobb! 
 Sidan bedet har stått urørt i mange år var, graset og buskene heilt filtra i kvarandre og jorda var dermed vanskelig (les umulig) å grave i..
 Men eg greide det til slutt :) 
Lørdag gjekk eg til aksjon med skrape og husvask, all laus maling på vegg og ikkje minst taket måtte vekk. Her ser du forskjellen på før og etter vask, mykje grønske som måtte skrubbast.
 Idag har eg gravd i jorda, fått fylt på med ny jord og planta ned blomster og frø!

 Eg syntest det er vanskelig å planlegge og finne ut kva eg skal plante i eit så stort bed. Men eg måtte no berre starte med noko, så får eg heller plante om og endre på det om det ikkje fungerer.
Litt jordbær og krydderurter, sådd frø til salat, sukkerterter og blomkarse. Så no kan eg sette meg i sofaen og vente på at det skal spire og gro! 
Ja det og så skal eg jo male... Men det blir fyrst til veka når eg får tak i maling.

 Snart 17 mai!
Nyt langhelga og håpe du får ei nydelig 17. mai feiring :)

søndag 8. mai 2016

Sol og sommar!

Hei!
No er det verkeleg sommarfølelse her, over 20 grader på terrassen og umulig å få gjort noko inne i slikt herleg ver. Energien og arbeidslysta er tilbake att for fullt heldigvis! 
Eg har hatt ei kjempeflott langhelg, der planen var å få flisa over kjøkkenbenken og fikse noko garderobedører på soverommet.. Men med sånt nydeleg ver får flisejobben vente!
 Eg har heller grepe fatt på den store jobben på terrassen.
Her er det nok å gjere, slik såg det ut når eg overtok: 
 Eit furutre midt i terrassekassen, eg anar ikkje om det er planta der med vilje eller funne vegen sjøl. Men det og alt anna har iallefall fått vekse fritt i mange år..
Men vekk skulle den og dei andre buskene som tar all utsikt.
Eg har fått vekk det som er verst på overflata, men gjensår den store jobben med å få vekk rotsystemet. Hjelpa meg for eit hav av røtter det er nedi den kassen, eit lite bjørketre stod i eit hjørne og, det har eg greid å fjerne mesteparten av røtene på.
No eg har jobb ute når det er flott ver og jobb inne når det er mindre fint. Veggar og tak må skrapast og malast på nytt i tillegg til å få terrassekassen(eg veit ikkje kva det kallast, men reknar med du forstår kva eg meinar) fin att. Men eg kosar meg, sofaen er komt på plass, her skal eg nyte mange sommardagar!
 Det har skjedd litt inne og, Eg har prøvd meg på å lage mine eigne garderobedører av OSB plater.. Ikkje heilt ferdig enda, men eg trur det blir bra. Det var veldig godt å få skjult kleda og få eit reinare og ryddigare rom.
Jammen fekk eg ikkje start på motorsykkelen og tatt meg ein tur med den idag, herlig!
No skal eg nyte siste delen av langhelga i sofaen, håpar du har hatt ei strålande helg i sola og!

søndag 1. mai 2016

Gratulerer med dagen og god 1. Mai!
Tenk at det er mai måned alt, tida fer så fort..
 Denne helga har eg vore heime hos mine foreldre i Gulen og Skifta til sommardekk på bilen min.
Fortsatt kaldt, men flott ver i går og det blei ein liten fjelltur med mor til Breidalen.
 Nons med vafler er sjølsagt heime på ein lørdagsettermiddag :)
 Hadde meg ein tur i Breidalen idag og, frisk luft og tur i terrenget gjer godt for kropp og sjel!
No ser det kanskje ut som eg har vore ute og trimma heile helga, men det er ikkje heilt riktig. Men eg har fått litt trim, skifta til sommardekk på bilen og fått tilbrakt tid med dei minste tantebarna, ei koselig helg :)
Håpar du har hatt ei flott helg og!