søndag 20. november 2016

Hei!
Kjapp tur innom for å ynskje deg ein koseleg søndagskveld..
 Her kjem julestemningen krypande... 
Men julepynten skal ikkje fram før 1 desember!
 Har vore utanfor tovehula mi og lufta meg ein liten tur både lørdag og søndag, skal sei det gjere godt! 
Ein furukvast blei med inn att og gjev litt vinterstemning inne .. 


God kveld !

mandag 14. november 2016


Hei!
Ei vellykka julemesse heldt av Breidvik og Bålen bygdelag i går. 
Det var mykje folk, utrulig mykje fint å sjå og handle, og god mat i kafeen!
Her er min stand, som du ser hadde eg mykje tøflar å velge i, pluss nokre vesker, puter, høner og hjerter. 
Eg delte stand med mor mi som  hadde heimelaga lefser og flatbrød, nydeleg gode!
 Eg er så fornøgd med søndagen, eg hadde ikkje trudd at tøflane mine var så populære, men eg fekk solgt masse og hadde det veldig kjekt med blide medutstillarar og bygdefolk.


 I kveld har eg ein litt roleg kveld før eg må tove vidare på tøffelbestillingar og julepresangar.. ;)


Håpar du hadde ei kjekke helg og! 

Nyt mandagskvelden :)

søndag 6. november 2016

Hei!
Her går det i ull, ull og ull i ulike former for tida..
Har ikkje så mange bilete av ulike produkt idag, men det vil komme snart! Jobbar for å bli klar til julemessa neste helg, og det ser ut som eg kjem i mål med mine prosjekt.

 Kjøpte ny lyspære til messinglampa mi i denne veka, mykje flott å finne på clas ohlson.


 Her er ein snik kikk på mine nyaste ullprosjekt, prøver meg på ulike veskedesign..
God søndagskveld! 

Eg deler meir bilete på instagramkontoen ullkonto_kaffipausen om du er nyfiken.. ;)