søndag 29. januar 2017

Hadet på badet...!

Hei!
Då blir det nytt bad på meg!
I morgon kjem det folk og river det gamle badet mitt, og eg kjem ikkje til å savne det innflisa badekaret eit sekund..
 Ei utruleg dårleg løysing på innflisa badekar, vatnet som ikkje treffer ned i badekaret renner rundt flisekanten og på golvet... 

 Flisemoten har vel forandra seg litt...
Ut med 80/90 talls fliser og inn med 2017!
 Det som er litt kjedeleg er at eg no ikkje har bad på 3 veker, og må flytte ut..
Men heldigvis har eg gode venner og slektningar som hjelper meg.

God søndagskveld! 
Eg har nettop tatt min siste dusj på mitt gamle bad og gledar meg til neste dusj om 3 veker!(på dette badet altså...)



søndag 15. januar 2017

 Hei og god søndag til deg! 

Tente eg skulle dele mine prototyper på lave tøflar med deg.
Prøver meg fram med litt ulike modellar, må tove ein del tøflar og justere litt på malen for kvar gong, men begynner å nærme meg noko no..
 Og idag prøvde eg å ta bilete av tøflane i bruk med sjølutløyser på kameraet, bortsett frå dei klumpete føtene som er nedi tøflane vart det ganske bra til å vere fyrste gong... ;)


Kva tøffelpar likte du best...? 
 Eg har eit strikk liggande som eg strikkar på innimellom når eg har lyst og tid, Nancy kofte, spent på om eg klarar å få den fin.. Mønsterstrikking er ikkje mi sterkaste side, men etter at eg fekk tips om å bruke tjukkare pinnar når eg strikkar mønsteret har det gått bedre! 
 Og ja, eg planlegger å pusse opp badet! 
Meir om dette neste veke.. ;)

Nyt den fine vinterkvelden!

søndag 8. januar 2017

Godt nytt år!

Hei!
Ja då var jula over og kvardagen komen, og litt godt er det. Det har blitt litt for mange julekaker på meg, så no må snop reduserast og kroppen slankast.
Jula blei rydda heilt vekk 2 nyttårsdag, då var eg lei..
 
Endeleg kjøpt meg teppe! Etter lang tenking og vurdering blei det eit kuskinn under spisebordet, eg er kjempefornøgd.

Denne helga har eg test-tova nye tøflar, det er så kjekt å prøve ut nye teknikkar, former og fargar, og berre tove akkurat det eg har lyst til! (Bilete kjem etter kvart..)
  Som det blir sagt -Nytt år, nye moglegheiter!
Vanlegvis pleier eg ikkje ha nokon nyttårsforsett eller store planar  om endringar, det pleier vanlegvis ikkje holde så lenge uansett.
Men i år blir det litt annleis, eg har bestemt meg for at år 2017 skal bli eit godt år!
Har ikkje lagt noko konkrete planar endå, men det handlar vel mest om at eg skal ta meg sjøl i nakken og gjere ting eg har lyst til  istadenfor berre å tenke på det!

 Har du noko planar for 2017?