søndag 19. mars 2017

Hei!
Her er det toving for fullt i helgene, det gjelder å få laga opp nok tøflar og høner til messe..
Kjekt å få tove utan bestilling, då får eg prøve meg på nye fargar, mønster og modellar.
Her er det nokre babytøflar som snart er klare.

 Nye lave tøflar er tova, dette er eit par i str 40/41.
 Dette er eit par i str 38/39.
 Prøvde meg og på eit par store tøflar i str 42/43.
 På kjøkkenbenken min står det stadig nye par til tørk..

I dag har eg vore heime i Gulen ein tur, Breidvik og Bålen bygdelag hadde saman med Brekke bygdekvinnelag søndagskafe og utstilling av dåpskjolar.
Brekke bygdekvinnelag har samla inn dåpskjolar frå nærområdet, over 50 ulike dåpskjolar frå ca 1880 til 2000.
På det siste biletet er den kjolen me har brukt i familien, den i midten med rosa silkeband.
Alle kjolane hadde eit ark med namn på familien som eigde den og litt om historia til kjolen, veldig flott utstilling!
    

Desse hønene måtte leverast, dei ein av premiane på loddboka.

No skal eg sette meg ned og strikke litt..
God Søndagskveld til deg !

søndag 12. mars 2017

Hei!

Kaffikos er alltid ein viktig del av helga. Det å kunne ta seg tid til å nyte ei stille stund, bla i nokre interiørblader, sjå gjennom instagram og berre slappe av..
(Innimellom alt det ein har tenkt å gjere då sjølsagt;))
Spisestuebordet får påfyll av tøflar etter denne helgas arbeid.
Det siste tøffelparet eg har laga ferdig er eit par revetøflar i str 38/39, dei blir med på kunst og handverk messa.
Endeleg har eg fått lys under kjøkkenskapet mitt, eg viste ikkje kor mykje eg trengte det før eg fekk det. 
Godt lys er viktig, dette merkar eg godt på badet mitt og, der det no er spottar i taket istadenfor eit lite lysrør over spegelen. Dette gjer det godt å stå å jobbe med toving, og då blir produksjonen større!
Slik har eg hatt det lenge no, utan lys.
 Utruleg kva godt lys kan gjere!
Dette er benkeplatebelysning frå IKEA som kan dimmast i 2 trinn.


 Då var denne helga over alt.
Synd den ikkje er litt lengre slik at ein får tid til alt ein har planlagt å gjere..!


Nyt siste rest av søndagen :)



søndag 5. mars 2017

HEI!
No har eg snart budd heime hos meg sjølv og med mitt nye bad i 14 dagar, så i morgon kan eg slå på varmekablane!

Her har eg endeleg fått vaska opp alt av klede og tekstilar etter støvet frå bad oppussinga, og rydda vekk siste del av rotet og baderomstilbehøret.
Godt å få leiligheta tilbake!


Lørdag prøvde eg å tove tøflar på badet for fyrste gong, og det fungerte så bra! Kjempegod plass og vannsølet renn rett ned i sluken, supert, så no skal eg tove masse tøflar framover. 
Eg har nemleg meldt meg på kunst, mat og husflidsmesse på Oppdalsøyra, messa er i palmehelga den 8. og 9. april.


 No blir det tøflar og ull som får fylle opp spisebordet framover!


 God søndag!