søndag 21. mai 2017

Hei!
Håpar du har hatt ein flott veke og ei super 17.mai feiring!
Tenk at sola kom fram akkurat på denne dagen mellom regnversdagane, det var rett og slett fantastisk!
 Eg feira dagen med å ta turen på Veten i trimklede og 17.mai sløyfe, sommartemperatur og flagget på toppen gav god stemning. 


 Etter tur til fots vart det tur på motorsykkelen, unna meg årets fyrste soft is!

Sidan veret er så sommarleg berre måtte eg få blomster på terrassen min denne helga, lei av å sjå på den triste hagekassen og pottene mine..
No har eg ikkje dei grønnaste fingrane og heller ikkje så flink til å finne ut kva blomster eg skal handle eller som passer best saman osv..
Men satser på at det blir bra når plantene får vekse litt og eg hugsar å vatne når dette blir nødvendig...
 Prøver å gjenta suksessen frå ifjor med sukkererter i potter, salat og krydderurter i hagekassen.  
Så er det berre å vente å sjå kva som skjer!






God søndagskveld :)


søndag 14. mai 2017

Knaggar og knottar!

Hei!

Det er ei stund sidan eg bestemte meg for Anne Black knottar  til badet og kjøkkenveggen, men ting blir jo gjerne utsatt... 
Men no i helga fekk eg det for meg, no skal det skje!


Knaggane er matte porselensknottar frå Anne Black i størrelse medium.
Eg skrudde dei opp på veggen med det samme eg kom heim, men vart ikkje heilt fornøgd.. 
Ideen med lærreima kom då eg tenkte på ein knagg eg nettopp hadde sett på Bolia. Så då det vart litt DIY og min eigen vri på ein dyr designknagg, samtidig som det var fint å bruke det samme læret som eg har laga handtak til skuffene av.
Badet fekk samme knaggane i matt kvit, størrelse liten og medium. 
Endelig har eg ein plass å henge frå meg handkleet på!
Ting tar tid..

 Knaggar bak døra er greit å ha!
No gjenstår det berre ei handkle stang eller to nær dusjen og å male baderomsdøra så er badet heilt ferdig!

Trimtur til Veten på lørdag!



Nyt søndagskvelden og håpar du får ei flott 17 mai feiring på onsdag!


søndag 7. mai 2017

Sol og sommar!

Hei!
Her er det sol og sommar for tida, berre å nyte så lenge det varer..
Då eg rydda her forrige helg fjerna eg den ubrukte putekassen og ein baden baden stol eg ikkje heilt klarte å like. 
Ny stol kom på plass i går, denne er god å sitte å lese bok i, sole seg i, nyte sola i, og den passer så mykje betre inn her på terrassen min!


 Idag var det fullt på festplassen av motorsyklar av alle slag, og i steikande sol! 
Ei veldig vellykka mc vårmønstring :)
Eg har til og med fått eit lite solskille etter klokka på armen idag!
Sesongen er igang!

God søndagskveld til deg :)



mandag 1. mai 2017

Gratulerer med dagen!

Hei!
Arbeidarane sin dag, og nydeleg sommarver idag :)

Eg er i våroppryddings modus for tida, det er så godt å få rydda opp og kvitte seg med alle ting og tang som rett og slett ikkje blir brukt, eller som ikkje passar inn lengre.
Forrige helg rydda eg i skuffer og skap inne, så då var det terassen sin tur denne helga.
Lørdag gjekk eg laus med terassevask og skrubb, eg var forberedt på å skrubbe skikkeleg, men sidan golvet var nymåla i fjor, gjekk det leikande lett å vaske vekk skiten!



 Benytta veret til å lufte skikkelg inne idag, hang ut dyner og puter.
Det er så mykje lettare og kjekkare å komme seg ut på tur når veret  er bra og det plutseleg er dagslys til langt på kveld.
Lørdag gjekk eg på veten, og blei sjarmert av sauer med lam på vegen opp..



 Søndagen vart det ikkje trimtur desverre, men ein sosial dag. Eg var med ei veninne på baklukeloppis i Fyllingsdalen, og avslutta dagen med hyttebesøk hos ei anna veninne, kjempekoseleg!
Salget på baklukeloppisen gjekk desverre dårlig, det var lite folk som stakk innom, eg fekk ikkje solgt noko av det eg hadde med, godt det finst finn.no og bruktbutikkar å levere til..
No har eg att å rydde oppsamla ting ut av bodene mine og køyre det til bruktbutikkar og skrapen. Jah og så må eg vaske og støvsuge bilen ja, det blir alltid utsatt desverre...
Ein ting av gangen, eg gir meg ikkje før alt er gjennomgått og rydda, det gjer verkleleg ro i sjelen å ha det ryddig rundt seg! 

Tur på Geitanuken idag, resten av dagen tilbragte eg på terassen.
 Må jo nyte sol og langhelg og..!


God kveld :)