søndag 18. juni 2017

Flislagt !

 Hei!
Endelig greide eg å komme meg igang med flislegginga på kjøkkenet, flisene var innkjøpt for ca 1/2 år sidan og stått i boden og venta på at eg skulle få ånden over meg..
Mandag sette eg igang, det eg kvidde meg mest til var det å kutte flisene til for stikkontakar og skruehol..

 Planen var å flise litt kvar ettermiddag og ikkje stresse, men ta den tida det tok. 
 Rundt stikkontaktane måtte eg klippe i flisene med flisetang, hadde ein del mislykka forsøk, men øvelse gjer mester!
 Fuginga av flisene trudde eg kom til å bli mykje styr og trøbbel, men det gjekk faktisk kjempelett.
 Eg er veldig fornøgd med resultatet og ikkje minst med at eg greide det heilt åleine! Bra for sjølvtilliten :)
Oppfordrar alle til å prøve dette sjøl istadenfor å leige inn folk for å gjere det for seg, ta tida til hjelp og spør folk om råd, det finst og mykje god hjelp på nett!


Eg har berre ei veke att å jobbe på IKEA, så er det ei veke ferie før eg startar eg i NY jobb!!
Gledar meg :)

God søndagskveld!