søndag 30. juli 2017

Hei!
Kvardagen ruslar og går mellom sol og regn, 
og om ei veke er det ferie!

Sukkerertene mine veks og gror, kjempegode!


No har eg handla meg Bottle Grinder frå Menu!
Dette er salt og peparkverner eg lenge har hatt lyst på, grønfargen er så fin og passar perfekt inn på kjøkkenet mitt!


Stolpejakta!


Eg er så glad for at energien i kroppen endelig er komen att, det er vel eit resultat av fleire ting.. 
Ny jobb, at det er sommar og lyst ute, eit kosttilskudd som heter Argi+ frå Forever Living (det har verkeleg gitt meg energi!),
og det at eg har bestemt meg for å bli litt sprekare.
No er det ikkje akkurat slik at det har skjedd noko revolusjonerande forandringar med meg altså, men eg kjenner meg bedre og tar dag for dag :)

God søndag! 

tirsdag 25. juli 2017

Tur..

Hei!
Vil berre vise deg bilete frå den nydelege søndagen me nett hadde.
Skikkeleg sommarver, og fjellet kalla..
Eg gjekk ein rundtur som starta frå parkeringsplassen på Baugtveit  opp til Nordgardsfjellet og Geithaugane, vidare til Tellevikfjellet og heilt opp til Høgstefjellet og ned att.
Det ligg forklaringar og forslag til turar på ut.no, nokre med betre forklaringar enn andre..


 Utsikt mot Askøy til venstre og Frekhaug til høgre trur eg det blir...




 Og så er eg blitt litt hekta på stolpejakta!
Eit kjempeflott konsept som er laga for å få folk ut å gå, uansett om du er liten, stor eller dårleg til beins.
Les meir om stolpejakta her.
Mitt mål er nødvendigvis ikkje å finne flest muleg stolpar (sjølv om det er veldig kjekt!), men å bli betre kjent med turstiane her eg bur! Det finst jo så mange små og store stiar eg ikkje viste om..

 Tellevikfjellet.



 Utsikt frå Høgstefjellet, skimtar Ulriken i det fjerne..
Det einaste eg tykker er litt dumt, er at det ikkje er noko skikkeleg merking oppe på toppen her, så eg blir alltid usikker på kva som er den rette toppen og går att og fram og leitar..
Håpar sommarveret fortsetter!
om to veker blir det sommarferie del 2 på meg :)

God kveld!

søndag 16. juli 2017

Hei!
Ny veke og endeleg har eg fått litt fart på turgåinga mi!
Veret er som vanleg opp ned med nedbør og sol, synd temperaturen er så lav.. 
Derfor har det blitt altfor få turar både til fots og med motorsykkelen, men me får berre håpe at sommaren kjem skikkeleg snart!
Eg prøver å finne nye turstiar og bli meir kjent i nærområdet her, nyleg hadde eg hadde ein flott kveldstur rundt Tertnestjørna.

 På Veten laurdag.
 Ja som sagt litt vått... Og dei nye skoa mine er litt glatte, så då sklir eg jo sjølsagt ut i søla, men herleg med tur uansett!
Revebjølle, giftig blomst å ete, men bladene har faktisk blitt brukt innan folkemedisin, og blir brukt innan medisin idag og trur eg..
 Uansett ein nydeleg blomst.

Eg har brukt søndagen på å tove tøflar, eg har ei bestillingsliste som eg har hatt altfor lenge.. Beklager til dei som venter! 
Men no er eg i siget og har eit håpefullt mål om at tøflane som er bestilte skal vere klare til eg går på ferie i august... Lov å håpe iallefall! Og du, om du synes eg er treig, det hjelper å mase ;)
God søndagskveld!


søndag 9. juli 2017

Hei!

Ei veke med herleg ferie!
Eg hadde ei veke med ferie før eg starta i ny jobb, og den veka vart utnytta til det fulle!
Heldigvis var eg heldig med veret og fekk påfyll av sol, varme og gode minner. Eg var berre heimom og pakka om mellom mc tur, hytte tur og Oslo tur! 

 Bilete av slottet er vel obligatorisk når ein er turist i hodedstaden..
 Oslo turen var planlagt og bestilt i vinter, saman med ei god venninne kjørte me bil nedover, slik at me hadde plass om me skulle finne nokre fine skattar!
Me er begge glad i å gå i bruktbutikkar og loppemarked, så det var vel det einaste me hadde planlagt på turen, at me ville innom nokre bruktbutikkar. 
Me hadde 4 netter på hotell, dagane blei tilbragt med litt shopping og lange pauser i sola med god mat og drikke.
Siste dagen tok me trikken til Grunerløkka, og der likte me oss godt, vekk frå støyen frå sentrum og mange koselige små butikkar.
Antikkvarehuset er ein stor bruktbutikk i markveien, om du er glad i teakmøbler vil du bli svimmel her inne!

 Utruleg mykje flott der inne, meen prisane var litt stive..
Så det vart mest kikking for vår del, bortsett frå lampa eg ikkje klarte å gå ifrå, den skal over spisebordet mitt! 
(Bilete kjem i neste blogginlegg)

Retrolykke kaffebar ligg også i denne gata, anbefalast.



Fine fat frå Norsk Flint Egersung og Porsgrund, desse fant eg faktisk på eit loppemarked på veien heimover.

Ei søt lita teakhylle var ein av dei tinga som var på ynskjelista mi, og jammen fekk eg den for berre 50 kr i ein liten bruktbutikk som skulle selge ut alt!
Akkurat no er det litt diverse armband her, eg manglar nemlig ein plass å oppbevare smykkene mine.. Så det får bli neste prosjekt!
 Det grøne smykket og armbandet falt eg pladask for, 
Angelica Leon design kjøpt i butikken Skaperverket, så enkle og fine!

Det var litt om ferieveka mi, den har gitt meg påfyll av sol, energi og humør!

Og ja, den nye jobben, den trur eg blir bra!

God søndagskveld :)