søndag 6. august 2017

Ferie!

Hei!
Ja då var det tid for 14 dagar med sommar ferie, sjøl om veret ute akkurat no minner meir om haust..
Laurdag var veret ganske bra og eg starta dagen med kaffi på terrassen..
 Etterpå var det stolpejakt på nye stiar, Rollandsfjellet.
 Fekk med meg 3 stolpar, to raude og ein blå!
Eg gjekk opp frå tertneskrysset opp Rollandsfjellet til Storsåta 
(435 moh) og ned att same vegen..
 Toppen av Storsåta, nydeleg utsikt!
Litt vått i terrenget, men fin temperatur og omtrent opplett heile turen, so då gjere det ingenting om skoa blei litt skitne og våte!

 Då eg hadde ei ferieveke i juni, var eg ein tur med ei venninne i Oslo, der me var innom fleire bruktbutikkar.
Denne taklampa fann eg på Antikkvarehuset på Grunerløkka, og eg klarte ikkje å gå derifrå utan den..
No har eg skifta ledningar (og det var heilt nødvendig.!)vaska og olja teaken og hengt den opp over spisebordet, kjempefornøgd!
 Trur dette er ei lampe frå danmark, men eg veit ikkje heilt, kanskje det er nokon som veit noko om denne typen lampe?

 Idag har det regna i ett ute og eg må innrømme at eg har for det meste vore her i godstolen med kaffikoppen...

God søndag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar