onsdag 9. august 2017

Fjelltur

Hei!
Endelig flott ver og ein nydeleg fjelltur!
Stolpejakta fortsetter og eg fekk med meg heile 10 stolpar på denne turen, og då inkludert 2 svarte!(Dei svarte er dei som er vanskeligast og dei med mest poeng..)
 Eg starta å gå frå Eidsvåg, der gjekk eg opp munkebotnen og videre til fyrste svarte stolpe ved Orretua.
 Vegen opp til Orretua var litt bratt, men fint å gå då det var lagt ut både tau og stigar der det trengtes..

 Vidare gjekk turen til Ravneberghytten.

 Sandvikshytten


Ankerhytten.
 Frå Ankerhytten gjekk eg ned til storevatnet og fulgte grusvegen videre til munkebotsvatnet og ned att til Eidsvåg.
Ein flott tur med som eg gjerne går fleire gonger, anbefalast!
Eg har ikkje gått åleine her på fjellet i bergen før, så dette var vel på høg tid egentlig, og det blir ikkje den siste, då det er fleire stolpar eg må finne!
 Kjekt å treffe sauer på fjellet, litt nostalgisk sidan foreldra mine ikkje lengre har sauer på garden heime.
Men no blir fjelltur bytta ut med motorsykkeltur!

Håpar du får nyte finveret!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar