mandag 22. september 2014

Tøfflelagehelg..

HEI HEI:)

Har lagt ut nokre nye tøflar i Epla butikken! 
Meir kjem etter kvart, eg har nemleg produsert nye par i helga..
 Flammetøffel str 18/19 
Marihønetøffel str 18/19
Raudt, kvitt og blått, str 20/21


Her er arbeidsrommet mitt heime i gulen, herleg å ha eit rom der eg kan søle vatn rett på golvet, skru opp radioen og kose meg!
Fekk litt hjelp av assistenten min  på søndagen, alltid kjekt :)
Alt frå str 44/45 til 18/19 her, dei fleste er laga på bestilling..  
Halvferdige barnetøflar..



Håpar du får ei flotte veke!!

mandag 15. september 2014

HEI!

Her blei det ei impulsiv og kjapp oppussing av garderoben på fredag...  Garderoben er berre 60 cm brei, og skjult bak skyvedører, så då kan det godt vere litt friskt tenkte eg... 
Lett å gjere om på når eg blir lei..! 
Tapeten er frå IKEA, Bråkig limited edition som eg kjøpte for lenge sidan..

Det er ikkje lett å finne ei optimal løysing for å få mest mulig saker som sko og jakker inn på ein så liten plass, og få det til å sjå ok ut!
Tapetet blir for det meste skjult når jakkene og skoa er komne opp att...
Fyrste tøffelpar med bil... :)

Heimom til Gulen ein tur i helga..


 Nydelig ver i helga!!

God veke til deg :)

JA! Og så har eg endelig opna butikk på EPLA!!
Sjekk den ut her :)
Det ligg foreløbig ikkje så mykje der, men det kjem meir etter kvart!