onsdag 23. september 2015

Pakking og ordning..

Hei hei:)

Phu jammen er det mykje styr med å selge og kjøpe bolig på ein gang...
Gledar med veldig til det er over og eg kan kose meg med oppussing i den nye leiliheta.
Her har det gått i pakking og flytting av pakkelass til slekt og venner. Veldig glad for at eg har så gode og hjelpsomme folk rundt meg!
 Akkurat no har eg hatt fotograf på besøk som tok bilete til prospektet. Veldig spent på bildene! 

Her er ein liten forsmak, 
fotografens bilete er nok mykje betre( håpar eg..)






No skal eg ha ein rolig kveld i sofaen med interiørblad og ingen pakking!
God onsdagskveld til deg :)

søndag 20. september 2015

Trude flyttar! Episode1..

Hei hei :)

Her er eg attende etter ein lang sommarpause.

No startar eit nytt kapittel i livet, eg skal flytte!
Eg har lenge leita etter ei større leilighet som kan romme meg og hobbyane mine, og til pris som eg kan klare. Og det er ikkje lett,  men endelig fann eg den! Leiligheta er på 58m2 og nesten dobbel så stor som den eg bur i no(32m2).

Så no er det full jobb med å pakke,tømme og gjere klart for salg.
Masse jobb!

Eg skal prøve å hande dykk oppdatert her på bloggen med bilder frå flytting og oppussing etter kvart. 
Gledar meg til eg er ferdig med denne stressande salgsprosessen, og kryssar alt for at eg får solgt!
Følg med!

Ha ein god søndagskveld:)