søndag 31. januar 2016

 Halloen!
Eg ventar framleis på tapeten som eg har bestilt til gangen... 
Så det ser ut som eg må sette den på vent ei stund, no er det nemlig kjøkkenet som står for tur! Eg bestilte nytt kjøkken på IKEA etter jul, og det kjem på døra mi 1 mars... Så no har eg laga meg ein tidsplan veke for veke i februar, for å klare å bli ferdig med veggar og golv til kjøkkenet kjem.
Ellers har eg alltid nokre små prosjekt. 
Eg syntest at glaset i stova er stort og flott, men litt tomt med blomster berre heilt nede i karmen, so då prøvde eg meg på litt makrame oppheng! 
 Søkte etter oppskrifter og inspirasjon på pinterest, og laga meg ein vri med perler, veldig kjekt!


Eg har vore på utkikk etter ein gamal teaksjenk til stova ei tid, og endeleg fann eg han!
Veggfargen er så nydelig til teak som eg håpte den ville vere!

Dette vesle sjalusiskapet fekk eg i innflyttingspresang frå mine gode spelevenniner! Har ikkje heilt funne plassen til det enda, så foreløbig står det på soverommet.
NYDELIG! Tusen takk enda ein gang! 

Denne veka startar eg med å rydde saman og pakke ned kjøkkenting i pappkassar, og så blir det riving av kjøkkenskap og veggar. Det blir ei stund utan kjøkken og med mykje jobb og støv, så eg gledar meg verkeleg til veggar og golv er ferdige!
Eg oppdaterer etterkvart :)

God søndagskveld!

søndag 17. januar 2016

Hei!
Endelig er det skikkelig vinter ute, og sola strøymer inn i stova.
Eg har styra på med forskjellig, mykje rydding og litt meir ferdigstilling av ting :)
Endelig fekk eg opp bildelist over sofaen, litt styring for å finne ut høgde og lengde, men blei bra til slutt. No manglar eg berre bilete å sette på hylla ;)

 Gangen er snart ferdig! I kveld har eg mala siste strøk på golvflisene, og fått vekk dei orange-raude flisene, det var ei forandring til det bedre:) 

Veggane er ikkje ferdige endå, men eg har fått opp veggfornyer og måla dei. No ventar eg på tapeten eg har bestilt... 
Vent å sjå!
God søndagskveld!

søndag 10. januar 2016

Hei Hei :)
Ja då var eit rom ferdig og neste er godt igang med å bli oppussa.
Slik såg gangen då eg kjøpte leiligheta:
Dårlig utnytta,fæle fargar og ei grusom "trekkspel" dør som var noko av det første eg reiv vekk då eg kjøpte leiligheta.

Veldig vanskelig å ta bilete av det innerste rommet, men eg har hengt opp hyller langs to veggar, den eine for alle skoa som eg oppdaga eg hadde(!) og den andre med hyller og stang for ytterjakker. Veldig fornøgd med plassutnyttinga :)

 Litt enklare å ta bra bilete når heile gangen er ferdig, men du ser vel litt korleis det er blitt. 
Fredag reiv eg vekk panelet i gangen.

 Lørdag fekk eg besøk av to små jenter som eg er tante til, så då blei det ikkje så mykje oppussing.
Men det var kjekt med besøk :)

Fekk fine teikningar!
Idag har eg fått fjerna tapet og sparkla, så imårra håper eg at eg får pussa og klistra opp veggfornyer slik at veggane er klare til maling!

Fornøgd med helga, og så
satser eg på at gangen er ganske ferdig neste helg!

God søndag :)

søndag 3. januar 2016

Godt nyttår!

Hei og godt nyttår til alle!
Eg får seie den vanlege regla: Nytt år, nye muligheiter!
Endelig litt vinterver, kaldt og sol idag og eit nydelig om enn litt kaldt turver.
Min første tur på Geitanuken etter eg flytta frå Morvik for over 2 år sidan.


Og dette er berre den fyrste av mange turar dette året. Eg orka ikkje komme med noko skikkelig nyttårsforsett, for det blir aldri noko av... Men eg vil kose meg med turar og trimme av meg vinterkiloa framover våren, det skal eg greie!
Denne helga har gjort godt, eg har slappa av og kost meg. No kjenner eg oppussingslysta og idear kjem for fullt, så det er berre å sette igang!
Eg starta med gangen i det nye året, må få vekk pappkassar og finne att skoa mine ;)
Gangen min er delt i 2 rom, og no tar eg fyrst det innerste som skal vere rommet som eg skal oppbevare alt av sko, ytterklede og vertøy. 
Denne veka skal det bli klart, og bilder av ferdig rom kjem nok neste søndag, sidan det er blitt dagen eg bloggar mest.. ;)

Nyt den fyrste søndagen i 2016!