søndag 28. august 2016

Hei!
Då var ferien over for denne gang, og i morgen ventar arbeidsdagen og kvardagen på meg..
Sommaren har ikkje vore for mykje å skryta av om ein ser på kor lite sol og varme me har fått, men slikt er det lite å gjere med. Me får håpe på ein nydeleg haust!
Ferien min har som vanleg gått altfor fort, men eg har kosa meg og prøvd å nyte dagane, med eller utan sol..
 I går var eg med ei veninne til loppemarked på travparken i åsane.
Fant ein ananas lysestake i messing, kjempefin!
Moro å finne gamle ting som er heilt på moten att for ein veldig liten penge. 
 Fekk og med meg ein liten west Germany vase :)

 Det er vel berre å finne fram pledda att(sjøl om dei aldri har vore pakka langt vekke denne sommaren...),no kjem hausten.

No skal eg nyte siste rest av ferien i sofaen
God søndagskveld til deg !

søndag 21. august 2016

Ferie!

Hei!
Her er det ferie, og eg har vore ganske heldig med veret til no.
Nett heimom ein tur for å vaske klede, og pakke om litt før eg håpar på fint ver og ny motorsykkeltur! 
Trimma ferieflesket litt idag med eit tur til Geitanuken.
 Laga meg melonsalat med salat og jordbær frå terassen min, kjempegodt!

Forrige helg var eg på tur ,men før det brukte eg regnversdagane til å sparkle å male kjøkkenveggen på nytt. 
Lys er montert under skapet, må berre ha inn eletriker for å koble..



Ferien går som vanlig altfor fort, berre ei veke att no.
Desverre har eg hatt litt motortrøbbel på sykkelen, typisk at det skjer midt i ferien! Men eg er så heldig å ha snille folk rundt meg som hjelper, TAKK!
No håpar eg nye delar kjem i morgon og sykkelen blir klar for ein ny tur! 
God søndag :)

søndag 7. august 2016

Hei!
Ja då var det endelig ferie for meg og, sjølv om veret idag minnar meir om haust enn sommar.. 
Håpar det blir litt sol og varme snart!
Koselig start på ferien, eg tilbragte helga saman med ei god veninne med tyting, vin og kreative idear :)
Litt nytt i heimen er det no denne veka og, lampa over spisebordet har fått ei kule i samme farge som veggen.
 Her er garderobeløysinga eg har laga på soverommet, takskinne med OSB plater som skyvedører. Likar veldig godt uttrykket, men dørene hadde nok fungert betre med skikkelige topp og bunnskinner.. 
Men det får vere slik ei stund, synes det ser bra ut iallefall! 
 Kaktus komt i hus!
 Stoff og stil har eit stoff med kaktustrykk, som er klart til å berre klippe ut, sy saman og fylle puffen med isoporkuler (det er ikkje lett utan å søle..).
Så no har eg puff til utesofaen min om veret tillét late dagar på terrassen att...


God søndagskveld til deg, ferie eller ei!