søndag 3. april 2016

Rydding!


Hei :)
Her er det som vanlig litt kaos og rot.
Det tar tid å bu seg inn i ny leilighet når ein pussar opp og stadig har noko prosjekt på gang... Men denne veka har det ikkje skjedd stort, rett og slett vore litt trøtt og giddalaus!
Men våkna til når det er helg og fri! 
Lenge har eg par stablar med pappkassar ståande på soverommet og no var eg lei av å sjå på dei.
Innholdet i pappkassane skal for det meste vere på soverommet, men må ha plass til noko her inne i stova og. Så dagens prosjekt blei å rydde, tømte alle skapa og flytta dei samtidig 20 cm nærmare sofaen, slik at datamaskina kan gå inn i hjørnet og bli litt meir skjult.
Eg må berre finne eit bord eller skap eller noko slikt lurt å plassere macen min på, og helst eit som ikkje kostar for mykje..
 Men no gir eg meg for ikveld, skapa er igjen fulle og ein kasse med ting er gjort klar for fretex.
Det gamle kjøkkenskapet mitt er no ferdigmalt og klart til å hengast opp, eg er veldig spent på korleis det vil gå..
God søndag :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar