søndag 31. august 2014

Hei :)
Litt nytt her sia sist :)
 Endeleg fått meg ei tallerkenhylle!
Kjøpt på brukten i Knarvik den og.. 
Litt lita kanskje, men den passa fint på veggen :)



Og når malekosten fyrst var tatt fram.. 
 Så fekk stovebordet seg ei oppgradering og. 
No passar puffen og bordet saman ;)
Og på laurdag skulle eg berre male litt i gangen...
Den hjørnelista fant eg ut eg ville ta vekk, og då var det gjort. Den gamle malinga fulgte med.. 

 Så då blei det litt meir arbeid enn eg hadde tenkt.. Men no har eg ein liten rå betongvegg i gangen, og godt fornøgd med det. 
Knaggane kjøpte eg på salg hos kremmarhuset for nokre veker sidan, og dei passa jo perfekt der no! 

Som du ser er det ikkje rare gangen, men den er praktisk med skyvedører som skjuler vaskemaskin og garderobe :)
 Sjølsagt gjekk eg tom for listemaling, så då blir det ein god kaffi pause her og avslapping resten av søndagen.. :)

God Søndag :)

tirsdag 19. august 2014

Poff, ny puff.. ;)


Bruktkuppet mitt er endelig vorte "nytt" :)
Før:

Etter:
 Eg har lenge leita etter ein puff som også har oppbevaring. Noko som viste seg å vere vansklegare å finne enn eg trudde.. Så då eg fant denne på bruktbutikken i Knarvik, måtte eg kjøpe den! 
Den har ikkje så stor lagringsplass, men det er no plass til litt strikketøy eller eit par tøflar under arbeid.. :)
 Stoffet er ein liten rest eg fann på stoff og stil, enkelt å skifte om eg blir lei.

Og så har eg kledd krakken min med marmorfolie frå panduro..

Håpar du har ei fin veke!

onsdag 6. august 2014

Heimekontoret mitt..


Henge meg på NIB utfordringa, og syner fram heimekontoret mitt slik det ser ut idag..
 Heimekontoret mitt består av eit klaffbord motert i same høgde som kjøkkenbenken og ein liten skuffereol frå IKEA :)
Modemet er skult inne i garderoben på soverommet, greit å sleppe å sjå det i stova.

 Og her e nesten heile mitt vesle krypinn.. ;)

mandag 4. august 2014

Meir oppussing på gang...

Ferien har gjort godt for kroppen, eg er full av energi og iver til å gjere masse, og helst ALT på ein gang her i mitt vesle krypinn.... :)
Herleg å bli kvitt den gamle og gulna veggen,og la det bli lyst.. :)
 Og ja... her er litt andre prosjekt på gang samtidig. :)

 Eg er veldig glad for at eg måla veggen ein anna farge enn kvit! 
Fargen heiter Jade, frå jotun, ein nydeleg farge.
Og ja, sofaen har skifta farge att som du sikkert ser.. Ei svakheit eg har det, blir fort lei, og då er det veldig kjekt å ha ein sofa som går an å skifte farge på nett når eg vil.. :)


Berre att ein vegg her i stova no, så er den ferdig, men sjølsagt den verste veggen, der heng tv og fleire skap. 
(Det gjenstår jo sjølsagt lister og tak å male og...) 

Men tar det i mitt tempo, ikkje stress, berre kos :)

God veke til deg !