søndag 30. oktober 2016

Hei!
Liten tur innom for å gje deg ei oppdatering.
Denne helga tok eg meg eit par feriedagar slik at eg fekk meg ei ekstra god langhelg heime i Gulen. 
Eg har meldt meg på julemesse i november, så då treng eg å tove opp ein del tøflar på lager.

Vinterdekka måtte også på når eg fyrst var heime, her fekk eg ekslusivt publikum..

Tovekjellaren.
Her var det eg tilbrakte mesteparten av tida mi, saman med min assistent (mi kjære mor). 
Me har hatt ei kjekke helg med ull og grønnsåpe i hendene, og innimellom ein liten kaffipause... 
 Så no har eg mange tøflar som må ferdigstillast til julemessa den 13 november.

God søndagskveld!

Ps! Følg gjerne min instagramkonto: @ullkonto_kaffipausen på instagram, her legger eg ut tøflar og anna ullarbeid eg jobbar med! 


søndag 16. oktober 2016

Hei!
Hausten er ei nydeleg årstid med nydelega fargar, kaldare i lufta og mørketid. Noko som betyr meir innetid og inne aktivitetar, strikketøyet ligg framme, tøflar skal tovast og julepresangar skal planleggast..
 Eg er veldig glad i grønne planter, og det betyr at det er vanskelig å gå forbi gode tilbud på nye grønne venner iblant... Siste tilskudd til plantefamilien her er denne palmen som drikk store mengder med vatn, så håpar eg greier å halde den i live...! 


Framover hausten og vinteren blir det mykje toving og tøffellaging, eg har ein del bestillingar som må bli ferdige og sendt ut, og så har eg og meldt meg på julemesse heime i Gulen i november. Det betyr  nok at stovebordet kjem til å vere fullt av prosjekter og tøflar resten av året...


  
No set eg meg i sofaen og syr såler på eit par tøflar..
God søndagskveld!  


søndag 9. oktober 2016

Hei!

Eg har har hatt ei kjekk helg med herleg haustver, lufteturar, besøk og besøkt veninner. 
Planen var å tove tøflar og kunne stryke av på bestillingslista, men produksjonen blei mindre enn planlagt..

Herleg laurdagsmorgon med sein frukost, kaffi og tur på Geitanuken før eg fekk eit koseleg veninne besøk. 


 Luftetur i furuskog idag...


God søndagskveld!


søndag 2. oktober 2016

Hei!
Idag var det eit nydeleg haustver og alt eg hadde planlagt å gjere inne vart utsatt, det er viktig å nyte veret ute når det er slik som idag!

 Noko av det beste med søndag formiddagar er det å sitte ute i sola med kaffi og eit interiørblad i fanget..
 Og idag måtte eg ut å gå!
Blei ein tur på Geitanuken, og det gjorde godt for kropp og sjel.
       

Plutselig blei eg så lei av stova mi, og sette igang og rydde og flytte på ting litt.. 

 Bytta ut stålampa mi med ei litt mindre ruvande ei, og det var så mykje bedre!



 På lørdag var eg på loppemarked på Brann stadion, det beste var allereie vekke då me kom, men det er berre pengar spart..
Men eg fant nokre ting som eg likte, blandt anna denne flotte blomsterpotta for kun 5 kr!

God søndagskveld til deg!
Eg kjenner at all den friske lufta idag har gjort med døsig og lat, så blir nok ikkje gjort så mykje meir her ikveld..