søndag 30. mars 2014

Solsøndag

 Soooool :)




Kaffipause... :)
 Fått gjort litt i leiligheta i helga, det største er at eg ENDELEG har kjøpt meg eiga vaskemaskin!! 
Så no sleppe eg å vente på tur i fellesvaskeriet i kjellaren, herleg!!!
So då måtte det ei omrokkering på kjøkkenet til, vaskemasina tok nemleg plassen til frysaren bak skyvedøra i gangen.. 
(Det kjem bilete av løysinga i gangen seinare) 
Med eit stort lass tolmodigheit, svette og staheit fekk eg vaskemaskina skvisa så vidt det var, inn på plass(millimeter klaring på alle kantar..). 
Frysaren vart ein leik samanlikna med vaskemaskina, greit plassert inn mellom kjøkkenskapa. 
Manglar berre ein knott!
 :)

Så då kunne eg unne meg ein flott trimtur i dag, herleg!

God søndagskveld!!

onsdag 26. mars 2014

sol !

ENDELIG SOOOOL :)
Ut på tur!


Håpar sola fortsetter og formen blir bedre og bedre ... :)

Kos deg i sola og ha ei fin veke!! 

søndag 23. mars 2014

Hei hei! 
Det har vorte lenge mellom blogginnlegga her i det sisste.. 
Men no går det heldigvis mot vår og lysare tider, satsar på at det hjelper på kropp og sinn!

Her er iallefall kjøkkenet mitt ferdig :)

Veldig fornøgd!
 Romfølelsen i både kjøkkenet og stova vart mykje betre, det føles ut som eg har fått noken ekstra kvadratmeter!

Desse tøflane er sendt av garde for å varme kalde føter..









I går var eg på fest hos skjoldmøy mc, kjempekjekt!
Og det var utrulig forfriskande med ein våt luftetur til vatnet i dag... ;)



God søndagskveld !

søndag 2. mars 2014

Nytt kjøkken på gang :)

Hei og god søndag, fastelavenssøndag!

Slik ser stova mi ut akkurat no.
Den er stadig under justering, veggar skal malast og bildeveggen blir sikkert ikkje sjåande ut slik så lenge, driv å spekulerar..
Plutselig var det ein sau i sofaen! 
Den sneik seg med når eg var innom Kremmerhuset for å handle knottar til det "nye" kjøkkenet mitt.. ;)

Så var det tid for fornying av kjøkkenet!
 Eg har aldri likt den mørke raude fargen på det vetle kjøkkenet mitt, den stjel så mykje plass. No blir det kvitt!
 Her er heile kjøkkenet mitt (bak meg er stova)undervegs i jobben.. Ser jo allereie her kor mykje betre det blir med kvitt!!
Eg er framleis ikkje heilt ferdig, slit med å få av fronten på kjøleskapet. Og viss eg herjar meir med den døra no, slit eg den nok av... Så eg lyt venta og sjå om eg kan få hjelp på Ikea, dei  har forhåpentligvis ein gamal monteringsanvisning liggande.
Vitrinedørene skal og vekk, men der manglar eg hengsler, det er alltid noko ein ha gløymt!!
Superfornøgd med resultatet så langt. 
Kjøkkenet føles dobbelt så stort, og eg digga dei nye knottane ;)

 Rakk ein trimtur på toppen idag, ny pers og greier :)


God søndagskveld :)