torsdag 25. oktober 2012

Her tovast...!

 Jobbar og tover på her no....
Skal ha stand på julemessa heime neste helg, og då må eg jo ha noko å selje...!
Her er ein liten kikk på halvferdige tøflar :)
Må ha hjerter til jul ;)
Mor er flink med symaskina og favoritthobbyen hennar er lappeteknikken.
Så eg skal selje litt frå "bestemor design" på standen og :)
Er ikkje desse berre kjempeflotte..?
Men i dag vart ikkje det tova noko, snø i lufta OG på bakken faktisk! Vinteren kjem!! Så eg måtte skifte til vinterdekk ute medan snøen dalte ned ;) Så no e det gjort, ein ting mindre å tenke på..! 

Håpar du og har skodd deg for vinteren.. :)


tirsdag 16. oktober 2012

Blått..

 Vore lite bilete av tøflar her i det siste..

Kjem snart fleire tøffelnyheiter... ;)

søndag 14. oktober 2012

Fløyen - Ulriken

Då ha eg jobba i 14 dagar alt!! Tida flyg! 

I går blei eg med 2 kollegaer på langtur i det nydelige haustveret. Me tok Fløybana opp og gjekk derifrå..
Målet var Ulriken, tårnet som du kan skimte i det fjerne...
Ein laang tur i fantastisk ver :)

Seint på dagen nådde me målet..
Me kom fram ein knapp time for seint til å ta bana ned.. Så då måtte me gå litt til.. ( var ikkje heilt med i planen å gå ned frå Ulriken, men men... :))
Kan ikkje klage på utsikta på turen!! 

Avslutta dagen med jentekveld og nydelig mat hos Eva-Linn, 
Min stil. Eg hadde rett og slett ein kjempeflott laurdag :)

onsdag 10. oktober 2012

Trimtur !

I dag hadde eg bestemt meg for å gå meg ein trimtur..
Men veret var vått, så hadde egentlig tenkt å gå på grusveien, men så gjekk eg forbi skiltet til veten..

Og kjente kor kakestykket eg hadde stappa i meg i dag brann på samvitet..
              
Så då blei det tur til toppen :)
 Null utsikt, men herleg uansett :)
Det beste med turen var nok det varme dusjen og det gode samvitet etterpå.... ;)