søndag 14. oktober 2012

Fløyen - Ulriken

Då ha eg jobba i 14 dagar alt!! Tida flyg! 

I går blei eg med 2 kollegaer på langtur i det nydelige haustveret. Me tok Fløybana opp og gjekk derifrå..
Målet var Ulriken, tårnet som du kan skimte i det fjerne...
Ein laang tur i fantastisk ver :)

Seint på dagen nådde me målet..
Me kom fram ein knapp time for seint til å ta bana ned.. Så då måtte me gå litt til.. ( var ikkje heilt med i planen å gå ned frå Ulriken, men men... :))
Kan ikkje klage på utsikta på turen!! 

Avslutta dagen med jentekveld og nydelig mat hos Eva-Linn, 
Min stil. Eg hadde rett og slett ein kjempeflott laurdag :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar