Oi her ha det ikkje skjedd mykje i siste..
På tide med ein liten oppdatering.. :)
Fleire tøffelpar er levert, og dei siste bestillingane står til tørk no :)
Ha hatt ein effektiv søndag i dag!
Kaffi og lett julepynting til frukost.
Tova to par tøflar, før eg jogga ein trimtur.
Og i kveld tok eg turen oppom søskenbarnet mitt, der eg fekk ferske pepperkaker og gløgg :)
Her e litt julestemning frå mitt lille krypinn..
Strikka ein gjeng englar for nokre år sidan..
Julekuler (oppskrifter frå Arne og Carlos..)
Krans frå panduro, stjerner er eigenproduserte.
Sydde meg nokre juleputer i fjor jul.. :)
God søndagskveld og kos deg i førjulstida!