søndag 2. mars 2014

Nytt kjøkken på gang :)

Hei og god søndag, fastelavenssøndag!

Slik ser stova mi ut akkurat no.
Den er stadig under justering, veggar skal malast og bildeveggen blir sikkert ikkje sjåande ut slik så lenge, driv å spekulerar..
Plutselig var det ein sau i sofaen! 
Den sneik seg med når eg var innom Kremmerhuset for å handle knottar til det "nye" kjøkkenet mitt.. ;)

Så var det tid for fornying av kjøkkenet!
 Eg har aldri likt den mørke raude fargen på det vetle kjøkkenet mitt, den stjel så mykje plass. No blir det kvitt!
 Her er heile kjøkkenet mitt (bak meg er stova)undervegs i jobben.. Ser jo allereie her kor mykje betre det blir med kvitt!!
Eg er framleis ikkje heilt ferdig, slit med å få av fronten på kjøleskapet. Og viss eg herjar meir med den døra no, slit eg den nok av... Så eg lyt venta og sjå om eg kan få hjelp på Ikea, dei  har forhåpentligvis ein gamal monteringsanvisning liggande.
Vitrinedørene skal og vekk, men der manglar eg hengsler, det er alltid noko ein ha gløymt!!
Superfornøgd med resultatet så langt. 
Kjøkkenet føles dobbelt så stort, og eg digga dei nye knottane ;)

 Rakk ein trimtur på toppen idag, ny pers og greier :)


God søndagskveld :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar