søndag 31. august 2014

Hei :)
Litt nytt her sia sist :)
 Endeleg fått meg ei tallerkenhylle!
Kjøpt på brukten i Knarvik den og.. 
Litt lita kanskje, men den passa fint på veggen :)



Og når malekosten fyrst var tatt fram.. 
 Så fekk stovebordet seg ei oppgradering og. 
No passar puffen og bordet saman ;)
Og på laurdag skulle eg berre male litt i gangen...
Den hjørnelista fant eg ut eg ville ta vekk, og då var det gjort. Den gamle malinga fulgte med.. 

 Så då blei det litt meir arbeid enn eg hadde tenkt.. Men no har eg ein liten rå betongvegg i gangen, og godt fornøgd med det. 
Knaggane kjøpte eg på salg hos kremmarhuset for nokre veker sidan, og dei passa jo perfekt der no! 

Som du ser er det ikkje rare gangen, men den er praktisk med skyvedører som skjuler vaskemaskin og garderobe :)
 Sjølsagt gjekk eg tom for listemaling, så då blir det ein god kaffi pause her og avslapping resten av søndagen.. :)

God Søndag :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar