mandag 4. august 2014

Meir oppussing på gang...

Ferien har gjort godt for kroppen, eg er full av energi og iver til å gjere masse, og helst ALT på ein gang her i mitt vesle krypinn.... :)
Herleg å bli kvitt den gamle og gulna veggen,og la det bli lyst.. :)
 Og ja... her er litt andre prosjekt på gang samtidig. :)

 Eg er veldig glad for at eg måla veggen ein anna farge enn kvit! 
Fargen heiter Jade, frå jotun, ein nydeleg farge.
Og ja, sofaen har skifta farge att som du sikkert ser.. Ei svakheit eg har det, blir fort lei, og då er det veldig kjekt å ha ein sofa som går an å skifte farge på nett når eg vil.. :)


Berre att ein vegg her i stova no, så er den ferdig, men sjølsagt den verste veggen, der heng tv og fleire skap. 
(Det gjenstår jo sjølsagt lister og tak å male og...) 

Men tar det i mitt tempo, ikkje stress, berre kos :)

God veke til deg ! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar