mandag 5. november 2012

Julemesse..!

Ja då har eg vore utstillar på mi fyrste messe!
 Julemessa vart arrangert av Breidvik og Bålen bygdelag i Gulen kommune.  
 Eg stilte med eit lass med tøflar i alle fargar og størrelsar (nesten..!). På standen selde eg og toalettvesker, klemmepungar og lefser frå "bestemor design"
Lefsene var sjølsagt storselgaren, mor kan å bake god kling... ;)

Ser ein del eg skulle gjort annaleis.. Men det får eg ta neste gong... ;)
Det var veldig mykje folk innom, og masse lekkert å sjå i kvart eit hjørne av grendahuset! Ei velykka messe :)
 Eg fekk masse positive tilbakemeldingar og selde 10 par tøflar, godt fornøgd :) 

Nokre glimt av mitt harde arbeid her.... :)
  ;)

No skal eg NYTE denne veka med tovefri, trim og mange gode kaffipausar.... ;)

3 kommentarer:

  1. DU er flink :) Så bra at du fikk solgt så mye!!

    SvarSlett
  2. Kjempekult! Har fått med meg at det var mykje bra på messa i Baola :) Håpar du fekk selt mykje.

    SvarSlett