mandag 13. oktober 2014

HEI HEI!
Då var det mandag att, helgene går så altfor fort!
Eg har hatt ei behagelig helg med fjellturar og tøffelarbeid.
  Barnetøflar er pakka og klare til å bli sendt i posten i mårra!
Håpar dei passar :)

For litt sidan var eg på tovekurs med filtmakaren Evelyn Refsahl,  der eg lærte å tove hatt! 
Det var ein veldig kjekk og lærerik søndag. 
Her er eg undervegs i hatten..
Litt havinspirert, kanskje litt av Poseidon..?
 Veldig glad i fargar som gradvis glir over i kvarandre...
 Min første, men ikkje siste hatt! 
(Ikkje heilt ferdig, må sy kanten rundt og halen fast.)

Har allereie mange idear i hovudet til fleire...!
 Håpar du får ei flott veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar