søndag 17. mai 2015

Hei hei!

 GRATULERER MED DAGEN!

Her har det vore stille lenge.. 
Men her er det no endelig ei lita oppdatering og løfte om fleire innlegg ;)
Prøver meg på litt annaleis tøffel fotografering, planen er å gjere meir av dette. Veldig kjekt!
Små pirattøflar..

 Og her er mitt siste tøffelpar i år, ei spesialbestilling på ein logo til eit band. 
Veldig spennande om eg skulle greie det, men fekk det til og eigaren vart fornøgd! 
Kjekt med nye utfordringar :)

Ellers så går det i kaos og oppussing her i mitt lille krypinn... Fant endelig ut at eg var klar for å rive vekk den fæle stria på tv veggen.. Noko som då innebar mykje skraping og skraping og atter skraping av tapet og malingsrestar som sat bom fat på murveggen. 

For ja, eg fant jo ein murvegg bak tapeten, og den var så fin at eg tenkte at den må eg ha! ;)
Og endelig, i dag, sjølvaste 17 mai, blei eg ferdig med å skrape! 
No har eg satt inn veggen med betongtett og er klar for å bruke fridagen min i mårra til å få ting på plass att her.

Håpar du har hatt ei flott 17 mai feiring!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar