søndag 11. oktober 2015

Leilighet solgt!!

Jippi!!
Eg er så glad og fornød for at eg har fått solgt leiligheta mi, og det til over takst!! Det er heilt fantastisk godt :)

No jobbar eg med den nye leiligheta mi. 
Og som så ofte skjer, så balla ting lett på seg...
Slik så bildeta frå prospektet ut:
Eikeparkett,, ganske gul og strietapet på veggane. Så då var planen å ta stova først. Eg har lyst på lysare golv og slette veggar.
Fliser på golvet på soverommet?? Ken som likar det? Kaldt og og fæl farge.. Skulle egentlig male dei, men så oppdaga eg at det ikkje var fliser inne i heile garderoben. 
Samme fæle fliser på kjøkkenet. Så då fant eg ut at sidan eg ikkje vil leve med dei og sidan dei ikkje dekkar heile golvet, så fjernar eg dei like godt no medan eg kan støve ned heile leiligheta...

Så ja då ser det litt slik ut. 
Her er ikkje flisene fjerna enda, men ein vegg er plutselig vekke..
Ville opne opp kjøkkenet til stova litt.


Eg blir litt stressa av meg sjøl, skulle egentlig ikkje ta så mykje no først. 
Men samtidig er det veldig godt å få gjort unna alt støvarbeidet som nesten blir umulig å få gjort når eg har flytta inn.
 Så ja då får eg sjå kor langt eg kjem før innflyttingsdatoen er her! Så lenge stova er ferdig så er eg fornøgd.
No er eg sliten, så det skal bli godt å krype opp i sofaen.
Beise golv i mårra!
Meir bilete kjem etter kvart ;)

God søndagskveld :)

4 kommentarer:

  1. Blir spennandes og se ka du skal gjøre :-) Leiligheta ser kjempeflott ut da :-) Lykke til videre, og legg ut bilder etterhvert da :-) Hilsen Ellen :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Ellen! Ja bilete kjem etter kvart! Rom for rom ;)

      Slett