søndag 29. november 2015

1. søndag i advent.

Hei :)
Fyrste søndag i advendt alt, skal sei tida flyg!
Og eg som ikkje har ein einaste julepresang klar enda...
Kjenner litt stress i kroppen når eg tenker på det, men det ordnar seg vel på eit vis.


Vintersport på tv, kaffi i koppen og eit tøffelpar under arbeid. 
Det er slik eg likar å ha det før jul, litt rot og kaffikos.
(Om du ser ein stol stå ute på verandaen, er det ein gamal stol heimanfrå, den trengte ein vask så den står til tørk..)

Oppussinga har stått litt på vent no, eg har jobba med å tove tøflar som er bestilt til jul. 
Men eg fekk handla meg garderobe på black friday, og den monterte eg opp i går, det er veldig godt å flytte ut av kofferten endelig! 
Dårlege bilete, men du ser at garderoben er på gang.

No er det tøffelarbeid og sofa!
Betre bilete kjem etter kvart som rotet og pappkassane forvinn...

Nyt søndagen :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar