søndag 24. juli 2016

Gangen er ferdig!

HEI!
Her har det jo vore regn innever for det meste i det siste..
Så eg har møblert litt i gangen.
ENDELIG fant eg telefonbenken eg har ønska meg i lang tid!
Eg har hatt eit søk på telefonbenk liggande på Finn.no lenge, og no var det endelig ein som traff meg. Problemet var berre at eg helst ville ha skuffene på den andre sida, men eg tok sjangsen på at det gjekk an å skru eller flytte på eit vis.
 Og det var jo så mykje lettare enn eg trudde! Det er berre å løfte opp setet og dytte den til den sida ein vil ha den, GENIALT! 

 Nytt stoff på setet og ein omgang med vask og olje, så var den som godt så ny!
 Passar perfekt i gangen og til tapeteten.
 Så fant eg dette teakspeilet på ein bruktbutikk her i Åsane.

Håpar du har ein nydeleg søndag, eg har vore på både fjelltur og motorsykkeltur i finveret.

God kveld!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar