søndag 7. august 2016

Hei!
Ja då var det endelig ferie for meg og, sjølv om veret idag minnar meir om haust enn sommar.. 
Håpar det blir litt sol og varme snart!
Koselig start på ferien, eg tilbragte helga saman med ei god veninne med tyting, vin og kreative idear :)
Litt nytt i heimen er det no denne veka og, lampa over spisebordet har fått ei kule i samme farge som veggen.
 Her er garderobeløysinga eg har laga på soverommet, takskinne med OSB plater som skyvedører. Likar veldig godt uttrykket, men dørene hadde nok fungert betre med skikkelige topp og bunnskinner.. 
Men det får vere slik ei stund, synes det ser bra ut iallefall! 
 Kaktus komt i hus!
 Stoff og stil har eit stoff med kaktustrykk, som er klart til å berre klippe ut, sy saman og fylle puffen med isoporkuler (det er ikkje lett utan å søle..).
Så no har eg puff til utesofaen min om veret tillét late dagar på terrassen att...


God søndagskveld til deg, ferie eller ei!




2 kommentarer: